Sjøfolk er unntatt dei nye innreisereglane. Illustrasjonsfoto: Sigbjørn Larsen

Sjøfolk unntatt fra nye innreiseregler

I pressemelding onsdag varsla regjeringa innstrammingar på utlendingar sitt høve til innreise til Noreg. I utgangspunktet vil berre utlendingar som er busett i Noreg få høve til å reise inn i Noreg. Det gjeld framleis unntak for nokre grupper, mellom anna «sjømenn» og «utlendinger som jobber innenfor kritiske samfunnsfunksjoner».

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

«Sjømenn» er i forskrift om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen § 3 første ledd bokstav j definert som følgjer:

"sjømenn, på vei til eller fra aktiv tjeneste, med ID-kort nevnt i utlendings- forskriften § 2-8 eller filippinsk «Seafarer's Identification and Record Book» eller filippinsk nasjonalitetspass nevnt i utlendingsforskriften § 3-1 bokstav j"

Når det gjeld kva som blir rekna som «kritiske samfunnsfunksjoner», viser vi til Justis- og beredskapsdepartementet si liste over dette på regjeringa sine nettsider. Vi gjer merksam på at Sjøfartsdirektoratet ikkje fattar avgjersle om kva som er «kritiske samfunnsfunksjoner», skriv direktoratet på eigne sider.

Dei same krava til obligatorisk testing, reiseregistrering og karantene vil framleis gjelde for dei som er unnatekne innreiserestriksjonane. 

For ordens skuld blir det presisert at alle norske borgarar framleis kan reise inn i Noreg.

Endringane trer i kraft ved midnatt, natt til fredag 29. januar 2021. Utlendingar som har byrja på ei reise til Norge før ikrafttreding, gis likevel høve til innreise.