Slik skal Njord Offshores to nye fartøy sjå ut. Illustrasjon: BMT

Servogear med leveranse til britisk havvind-fartøy

Engelske Njord Offshore har valt å utstyra to nye fartøy for transport av personell til havvind-anlegg med Servogear sitt energieffektive Ecoflow Propulsor framdriftssystem.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det melder Bømlo-selskapet i ei pressemelding.

Fartøya skal byggast ved Cheoy Lee Shipyards i Hong Kong, og kontrakten vart signert i andre kvartal 2018. Servogear skal levera komplette framdriftssystem for to nye, 23 meter lange havvind-fartøy som skal opererast av Njord Offshore i Nordsjøen.

- Gjennom våre fartøy ynskjer me å tilby våre kundar den aller beste offshoretransporten i kombinasjon med optimal drivstoffeffektivitet. For fartøy av denne storleiken var Servogear Ecoflow Propulsor eit opplagt val. Me ser fram til å samarbeida med Servogear om å levera pålitelege tenester til kundane våre, seier Tom Mehew, dagleg leiar hos Njord Offshore.

- Me er stolte over å ha blitt valt som leverandør og ser dette som ei tillitserklæring frå Njord Offshore og Cheoy Lee Shipyards. Den asiatiske marknaden er veldig interessant for oss, og med disse nye fartøya for transport av personell til havvind-installasjonar, styrker me posisjonen vår internasjonalt i marknaden for arbeidsbåtar, seier dagleg leiar Torleif Stokke i meldinfa.

Njord Offshore held til i England og er spesialistar på transport av personell til havvind-anlegg, med erfarent mannskap og båtar som er godt heldt vedlike. Frå 2013 til 2017 reiste meir enn 300.000 arbeidarar med fartøya til Njord Offshore til ulike anlegg i Nordsjøen.

- Me er glad for at marknaden for servicefartøy til offshore vind er i vekst att. Etterspurnaden etter raske, energieffektive og maksimalt manøvrerbare fartøy veks. Det skapar moglegheiter for våre framdriftssystem over heile verda, seier Stokke.

Servogears leveranse består av HD295U girboks, 1225 mm vribare propeller, design av propelltunnel, ror, brakettar og eit skreddarsydd kontrollsystem utvikla saman med Brunvoll Mar-El.

Kontrollsystemet sikrar optimal samhandling mellom framdriftssystemet og motoren. Ein spesiell funksjon for å nærma seg havvind-turbinen sikrar trygg og effektiv transport av personell utan at motorane vert overbelasta.