Norled si nye batteridrevne ferge (Illustrasjon: Norled)

Rolls-Royce tek del i miljøferjeprosjekt

Rolls-Royce har skrive kontrakt på levering av framdriftssystem til Norled si nye miljøferje som er under bygging ved Fjellstrand verft. Ferja skal gå i E39-sambandet Lavik- Oppedal, og vert omtala som ei miljøvenleg ferje for framtida.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ferja er batteridreven, og er svært energieffektiv og miljøvenleg - heilt i tråd med Samferdselsdepartementet sine ynskjer. Lavt energiforbruk er den viktigaste eigenskapen for å kunne drifte ferja berre på batteri, derfor er alle system optimalisert for lavt energiforbruk.

Sjølve ferja vil få eit katamaranskrog i aluminium, med eit høgeffektivt thrusteranlegg frå Rolls-Royce som i motsetning til konvensjonelle azimuth-thrusterar har ”trekkjande propellar”. Kombinasjonen av høg virkningsgrad, god manøvreringsevne og redusert energiforbruk gjev såleis store driftsøkonomiske og miljømessige gevinstar.

- Denne leveransen markerer eit lite jubileum for oss, og det gjer kontrakta ekstra hyggeleg. Det er no ti år sidan vi leverte våre første azipull-thrusterar nokon sinne, også den gong til ferjer frå Fjellstrand. Gode tilbakemeldingar på thrusterane våre, og fruktbart samarbeid gjennom levering til tre ferjer tidlegare resulterer no i ny kontrakt for oss, seier Rolls-Royce salsjef for systemløysingar til handelsfartøy, Matias Mork.

Leveransen frå Rolls-Royce består av to Azipull 85 thrusterar, samt kontrollsystem.

Ferja har ein kapasitet på ca 120 bilar, og 360 passasjerar, og vil operere med ca 10 knops hastigheit. Overfarta tek ca 20 minutt, og tida dei ligg til kai ved lasting og lossing, samt på natta, vil verte nytta til lading av lithium-ion batteria.