Island Offshore har overtatt «Island Victory». Foto: Gunder Tande Sandersen

Rett i jobb etter dåp

Island Offshore har tatt levering av det nye offshore installasjonsfartøyet «Island Victory», og lørdag vart praktskipet døypt under ein seremoni ved Vard Langsten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

«Island Victory» er eit fartøy med mektige kapasitetar, og skal no rett i operasjon - først eit par veker i spotmarknaden, og deretter på kontrakter som potensielt går hand i hand ut oktober månad, heiter det i ei pressemelding.

- Vi opplever stor interesse for nybygget, og det at «Island Victory» no kan gå rett på jobb og vere beskjeftiga i fleire månader bekreftar dette. Vi forventar at merksemda rundt båten berre vil auke no som vi skal ut og bevise kva kapasitetar som bur i denne kraftpluggen, seier adminstrerande direktør ved Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.

Under slepeprøver i fjor haust oppnådde skipet ei trekkraft på 477 tonn. Foto: Droneinfo

Slo alle rekordar

«Island Victory» slo nemleg alle rekordar under slepeprøver i fjor haust, med ei trekkraft på 477 tonn. I tillegg til å slepe tungt kan ho også ha to heile ankersystem på dekk, noko som ytterst få andre fartøy kan vise til. Dei unike kapasitetane har skaffa skipet oppdrag både i Barentshavet og i Mexicogulfen dei komande månadane.

 - Vi har sett saman eit topp mannskap som vi er sikre vil ta vare på skipet og levere ein sikker og effektiv operasjon til kundane, legg Walaunet til.

Bygg nr. 831 vart utrusta ved Vard Brevik medan testing og klargjering er utført av Vard Langsten, og fartøyet ruvar godt i Tomrefjorden med ei breidde på 25 meter, og ei lengde på omlag 123 meter.

- Dette er ein stor dag

- «Island Victory» er bygd på sterke relasjonar mellom kollegaer i Island Offshore, Kongsberg og VARD, der ein har felles drivkraft om å skape noko nytt og annleis i lag. Gjennom åra har vi i fellesskap tatt mangt eit kvantesprang, og med «Island Victory» går vi nok ein gong ut i marknaden med noko heilt nytt. Eg ynskjer å rette ein stor takk for det gode og løysingsorienterte samarbeidet, og ikkje minst gi honnør til alle som har stått på i dette prosjektet, seier Erik Haakonsholm, General Manager for Offshore and Specialized vessel i VARD.

Gudmor for skipet var Ingunn Ulstein Botnen. Foto: Island Offshore

«Island Victory» er av typen UT 797 CX, utvikla av Kongsberg Maritime saman med rederiet. Fartøyet har eit dekksareal på heile 1200 kvadratmeter. Skipet er mellom anna utstyrt med ei 250 tonns offshorekran, to ROV’ar og ein stor moonpool, samt eit boligkvarter som kan huse 110 personar. Dette gjer at fartøyet kan brukast både til prelegging av ankersystem, installasjon av subseautstyr på havbotnen, vedlikehald av brønnar, vanleg ankerhandtering, installasjon av offshore vindmøller samt nyttast som accomodationfartøy på felta.

- Dette er ein dag vi har sett fram til! Det er alltid ei spesiell oppleving å ynskje nok eit blå-kvitt skip velkomen i flåten vår," seier Walaunet.