Prøveturskaptein Frank Strandebø og brubasen Tor Bigset i framgrunnen under første prøvetur 25.- 26. april. I bakgrunnen til høgre er Island Offshore sin prosjektleiar Trond Hauge.

Prøvetur med Island Constructor

- Teamwork er eit nøkkelord når ein er med på eit så stort prosjekt, seier Tor Bigset som er Ulstein Elektro sin bas på brua på Island Constructor, byggnummer 279 frå Ulstein Verft.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bigset er ein av dei over hundre personane frå ulike selskap som har delteke på prøvetur med Island Constructor siste par helgane. Helga 26. april var skipet ute på verftsprøvetur, helga 3. mai var det teknisk prøvetur og testing av DP-system.
- Første prøveturen blei gjennomført 25. til 26. april, og den gjekk verkeleg bra. Det var hektisk aktivitet for å få PA-anlegg og telefonar klare kvelden og natta før, men vi kom oss i mål, fortel Bigset. - Det er inspirerande og utfordrande å vere med frå starten; frå første kabelen er lagt til båten er ferdig testa. Arbeidet har gått bra og vi har hatt svært godt samarbeid med andre avdelingar. Med så mange endar og fleire fagområde som skal dra lasset, er samarbeid ein føresetnad for å få til eit godt resultat. Utan medarbeidarar som står på og tek ansvar for å få jobben gjort til rett tid er ikkje dette mogleg, seier Bigset.
- Testane som vart gjennomførte 2. til 6. mai gjekk over all forventing, og vi kom inn att til land eitt døgn før tida, seier prøveturskaptein Frank Strandebø i Ulstein Verft.
- Resultata var veldig gode, vi gjorde det godt på fartstestingane, og på svingeprøva la skipet seg berre umerkeleg til sida, om lag 4 grader. På krasjtesten stoppa skipet etter fire skipslengder, 450 meter, og det er også særs godt. DP-avstemmingane gjekk også som smurt. Kort sagt: Alle viktige ting fungerte som dei skulle, fortel han.

Prosjektleiar for Island Offshore Trond Hauge, er også nøgd med resultata: - No er dei store tekniske systema testa, og det står ikkje att noko vesentleg som kan føre til at vi søv dårleg om natta. Alt tyder på at skipet vert levert på tid, og det er veldig viktig for oss. Vi skal på vår første jobb om lag 20. juni i fire veker pluss opsjonar for UWG der vi skal fjerne gamle brønnhovud (plug and abandoment).Med ein fastsett dato for første jobb, er det viktig at vi får båten i rett tid, seier han opprømt, og held fram:
- Eg vil også nemne det gode teamarbeidet som vi har med alle dei involverte i dette prosjektet og på prøveturen som vart avslutta tysdag.