Color Hybrid. Foto: Ulstein verft

Palfinger Marine leverer til livbergingsutstyr til "Color Hybrid"

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Palfinger Marine skal utstyre MS «Color Hybrid» med livbåtar, hurtiggåande MOB-båtar og tilhøyrande davitar, skriv Palfinger i ei pressemelding.

- Kontrakten viser verkeleg at PALFINGER MARINE evnar å kombinere dei høgste tryggleiksstandardane og utmerkte tekniske løysingar med konkurransedyktige prisar, seier PALFINGER MARINEs salssjef for Noreg, Robin Holmedal Pedersen.

I sommar markerte skjeringa av det første stålet til Color Lines nye plug-in hybridferje, MS «Color Hybrid», byrjinga på eit spennande skipsbyggingsprosjekt. Det nye miljøvenlege fartøyet, som kan ta opptil 2000 passasjerar og om lag 500 køyretøy, vil bli verdas største hybridferje når ho blir sett i drift mellom Sandefjord i Noreg og Strömstad i Sverige i løpet av sommaren 2019.

– Ein stor siger Med PALFINGER MARINEs nyleg tildelte kontrakt på å forsyne fartøyet med livbåtar, hurtige mann over bord-båtar (MOB) og davitar, er PALFINGER MARINE stolt av å ha blitt del av dette innovative prosjektet. Heile leveransen består av fire livbåtar med tilhøyrande davitar og to hurtige MOB-båtar med tilhøyrande davitar, i tillegg til igangsetjing av systema. Kvar livbåt har ein kapasitet på 150 personar. Heile utstyrspakken vil bli levert i november 2018.

MPC 32-livbåtane er velprøvd teknologi. For å etterkome ønsket frå Color Line om å halde dekka så opne som mogleg, slik at passasjerane får meir plass til å rusle rundt og nyte tida si om bord, vil livbåtane bli monterte i ein davitkonstruksjon som frigjer plass under livbergingssystemet. Dei to hurtige MOB-båtane av type FRSQ 630, er av nyaste generasjon. Dei er trygge, raske og smidige, og tilbyr optimale arbeidsforhold i krevjande omgjevnader til havs. Denne nye fartøytypen er det første produktet vårt som kombinerer ekspertisen innan livbergingssystem frå det tidlegare Harding og fartøyekspertisen frå PALFINGER MARINEs divisjon for profesjonelle arbeidsbåtar.

– I marknaden i dag, med færre tildelte kontraktar og hard konkurranse om kvar moglegheit, er dette ein stor siger for oss. Kontrakten viser verkeleg at PALFINGER MARINE evnar å kombinere dei høgste tryggleiksstandardane og utmerkte tekniske løysingar med konkurransedyktige prisar, slår Robin fast.

Tilbakevendande kundar Han trur òg det langvarige forholdet til både Ulstein Verft og Color Line er faktorar som bidrog til å dra avtalen i hamn. Opp gjennom åra har PALFINGER MARINE levert livbergingssystem til mange av nybygga deira, og for tida har selskapet gåande ein serviceavtale med Color Line.

– Vi er stolte av at både Ulstein Verft og Color Line endå ein gong har fortrudd oss ansvaret for å levere livbergingsutstyr. Begge selskapa veit at vi står for høg kvalitet og framifrå service gjennom heile livssyklusen til produkta. Ved å velje PALFINGER MARINE vil dei òg få ei komplett pakke frå éin leverandør av dekkutstyr, ein kvalitet mange kundar i dagens marknad etterspør, seier Holmedal Pedersen.