M/S ”Kvitnes og M/S ”Kvaløya ved kai før overlevering.

Oppdrettsbåtar overlevert

Risnes Marine Craft as overleverte i går, måndag 22. juli, to arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa til Mainstream Norway as i Finnmark.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Begge båtane er av den nye typen Risnesbåtar, katamaranbåtar produserte i aluminium og konstruerte for å tola nye og skjerpa krav m.a. til stabilitet. Sjølve overleveringa skjedde på industriområdet på Sunde, og båtane set kursen nordover i dag. Den eine båten går direkte til Finnmark, medan den andre skal innom Trondheim, der han skal visast fram på Aqua Nord, verdas største oppdrettsmesse, i august.

Mainstream Finmark har no 10 Risnesbåtar, desse to er dei fyrste i aluminium.

-Me har eit veldig greitt samarbeid med Risnes, og dei leverer alltid eit produkt i samsvar med det som er avtala, seier Hans Arne Sørnes, teknisk sjef i Mainstream Finmark.

Han var til stades under overleveringa, saman med drifts-og servicekoordinator Stig Omar Hansen.

-Mainstream er vår beste og største kunde. Me har eit godt samarbeid, der dei medverkar til ei kontinuerleg produktutvikling av båtane gjennom tilbakemeldingar til oss, seier dagleg leiar Ronald Hellenes i Risnes Marine Craft as.

Saman med senior produktingeniør Ole Risnes driv han no vidare Risnes-selskapet, som har spesialisert seg på båtar for oppdrettsnæringa.

Eit litt større skrog er under produksjon i Polen. Også denne båten skal utrustast på Sunde, og skal leverast til Firda Sjøfarmer.

Skroga er produserte i Polen og kom til Sunde for sju veker sidan. Risnes Marine Craft as har ansvar for utvikling, design og sal for dei i to røktarbåtane.

Båtane, ”Kvitnes” og ”Kvaløya” er 13 meter lange, 6,5 meter breie. Kvar båt er utstyrt med to 270 hk Sabb Iveco framdriftsmotorar, som gjev ein marsjfart på 16-17 knop. Båtane er utrusta med ein 23 tonns Palfinger kran, levert av Bergen Hydraulic.

Bergen Group Skarveland har utført utrustninga. Elecon på Stord har utført elektriske installasjonar. Sandvoll Entreprenør AS har stått for innreiingsarbeidet. Husnes Sandblåsing & Maling har utført malingsarbeidet.

Det elektroniske utstyret, autopilot, kartplottar, ekkolodd og radar er levert av Raymarine AS, VFH er levert av Seatronic.

M/S ”Kvitnes og M/S ”Kvaløya” er byggjenummer 190 og 191 frå Risnes.