OPE SKIP: - EIT FARTØY DU ALDRI HAR SETT MAKAN TIL!

Ulsteinkonsernet og Island Offshore inviterer til ope skip 18. mai. Då får du moglegheita til å borde Island Constructor, eit brønnintervensjonsfartøy med mange nye løysingar både på inn- og utsida.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Dette skipet vert ved levering det ypparste frå Ulstein Verft til no, og er det første skipet av sitt slag. Det 120,2 meter lange og 25 meter breie skipet er fullt av avansert utstyr og løysingar. Ulsteinkonsernet har mellom anna utarbeidd ein moderne profil for innreiinga som Ulstein Verft og Island Offshore har samarbeidd om å få plass til i dette skipet. Lokale leverandørar som Foraform, Hjellegjerde og Ekornes har levert mykje av det moderne interiøret, og har ført til at skipet omtrent framstår som eit stort showroom for både lokal og internasjonal møbelindustri, fortel prosjektleiar for Island Constructor, Runar Muren, ved Ulstein Verft.
I volum er dette fartøyet bort i mot tre gongar større enn dei fartøya Ulstein Verft har levert med ULSTEIN X-BOW® tidlegare.
- ULSTEIN SX121 kan mellom anna skilte med verdas største ULSTEIN X-BOW og med det største styrehuset som er levert frå Ulsteinvik til no. Styrehusarealet er på heile 380 m2, fortel Muren stolt.
Styrehuset er bygd ved Ulstein Verft si avdeling i Vanylven, medan skroget er bygd i Polen.
Fartøyet som er designa av Ulstein Design, har også andre nye løysingar frå Ulsteinkonsernet. Island Constructor er det første fartøyet med ei ny ULSTEIN COM-løysing frå Ulstein Elektro. Dette er ei fleksibel kommunikasjonsplattform som mellom anna tillet mannskapet å sjå tv-program inntil 24 etter oppsett sendetid. Tilsette frå Ulstein Elektro vil demonstrere det nye produktet 18. mai.
I forhold til kompleksiteten av fartøyet har det vorte sett saman i rekordfart. Trass utfordringar med forseinkingar på utstyrsleveransar er alt i rute og Island Constructor, bygg nummer 279 ved Ulstein Verft, vert levert til avtalt tid 23. mai.
Men først skal skipet altså visast fram til alle store og små som ynskjer å ta turen til Ulstein Verft 18. mai mellom klokka 14.00 og 18.00.