Offshore supply-kontrakt til 50 millionar kroner for ODIM

Vikebladet.no skriver i dag at ODIM er tildelt kontrakt for levering av automatiserte handteringsløysingar for to ankerhandteringsfartøy (AHTS) som skal byggast ved Aker Yards Aukra for DOF.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Leveransen har ein kontraktsverdi på i overkant av 50 millioner kroner, og utstyret skal leverast fr å første kvartal 2009 til tredje kvartal 2010.
- Ein betydeleg del av kontrakten gjeld levering av to sett av ODIM AHF™ (Anchor Handling Frame). Dette er ei unik løysning som bidrar til sikrare og meir effektive ankerhandteringsoperasjonar. Mellom anna reduserer ODIM AHF™ maksimumsbelasninga på AHT-vinsjen med meir enn 50 % når rigganker skal trekkast over hekkrullen, heiter det i den utsende pressemeldinga.
Verftet har ein kanselleringsgsfrist på ODIM AHF™ for det siste fartøyet ut 2008.
Kontrakten gjeld i tillegg levering av to sett av ODIMs integrerte hai-kjeftar og tauepinnar. Dette er innretningar som både skal styre og låse av kjetting og wire under ankerhandteringsoperasjonar.
Dei automatiserte handteringssystema, som blir styrte frå brua på fartøyet, forenklar, effektiviserer og aukar tryggleiken ved arbeid på bakdekket til eit ankerhandteringsfartøy.
- ODIM arbeider med fleire unike og komplette løysingar som tilfredsstiller krava til aika tryggleik for mannskap og materiell, auka effektivitet og høgare
utnyttingsgrad av offshore service fartøy, heiter det i pressemeldinga.
- Oljeselskapa stiller nye og strengare krav til tryggleik. Dette tvingar fram nye handteringsløsninger der dei mest farefylte oppgåvene kan fjernstyrast og automatiserast. ODIM var tidleg ute med slike løysingar, og vi har stor tru på at også våre løysingar vil bli valde på offshore service fartøy i framtida, seier Jon Olav Kopperstad, direktør for offshore supply i ODIM, til Vikebladet.