Administrerande direktør Bob Rietveldt i Ulstein Sea of Solutions tek i mot den nederlandske Industrial Marketing Award 2008 frå finansminister Maria van der Hoeven.

Nytt Ulsteinselskap fekk marknadspris

Skipsdesignselskapet Ulstein Sea of Solutions fekk i førre veke den nederlandske marknadsprisen “Industrial Marketing Award 2008”. Den nederlandske finansministeren Maria van der Hoeven delte ut prisen til vinnaren, som i følgje juryen på ein overtydande måte nyttar innovasjonssatsing og marknadskunnskap til å oppfylle behova til kundane sine.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Rapporten frå juryen seier følgjande:

Ulstein Sea of Solutions kartlegg kundane sine behov ut frå sluttbrukarperspektiv og kjem fram til praktiske og innovative løysingar på desse. Selskapet designar fartøy som er skreddarsydde for å auke verdiskapinga mest mogleg for kunden. Selskapet nyttar heile organisasjonen til å omdanne kunden sine ønskje og behov til arbeidsområde, og kan difor seiast å vere ein verkeleg marknadsdriven organisasjon. Denne marknadsretta tilnærminga ser vi også gjennom dei innovative designa som selskapet sjølve utviklar på eigen kostnad og risiko. Designa blir lagde fram for kunden og verkar som inspirasjonskjelder for prosjekta som skal realiserast”.
- Den industrielle marknadsføringsprisen syner kor viktig det er å bli assosiert med ein kombinasjon av teknisk innovasjon og verdiskaping for kunden og også for kunden sine kundar. Ulstein Sea of Solutions har overtydd juryen på dette området, seier Bernard Fortuyn, styreleiar for STEM; Stifting for Teknologi og Marknadsføring.

Bob Rietveldt, administrerande direktør i Ulstein Sea of Solutions, er stolt over at selskapet har fått den prestisjetunge utmerkinga;
- Prisen er ei påskjøning for korleis vi vender oss til marknaden og behova til den internasjonale offshore olje- og gassindustrien. Vi er eit lite selskap, men takka vere det engasjementet som alle våre tilsette viser, har vi vorte i stand til å verte marknadsleiande internasjonalt for utvikling og design av avanserte offshorefartøy.

Ulstein Sea of Solutions designar fartøy for utviklinga av olje- og gassfelta offshore. Selskapet utviklar prosjekt for operatørar, kontraktørar og reiarlag i offshore- og konstruksjonsmarknaden. Ved sidan av innovative design for nybygg, arbeider selskapet aktivt med oppgradering og ombygging av eksisterande offshorefartøy.
Ulstein Sea of Solutions vart innlemma i Ulsteinkonsernet 1. mars 2008.