SJØSETT: Frå sjøsetjinga av KV Barentshav ved verftet i Romania. Foto: Kystvakta

Ny type kystvaktskip sjøsett

Det første av Kystvakta sine nye farty i Barentshavklassa er sjøsett ved verftet i Romania. Grunna gassdrift er fartyet betydeleg meir miljøvennleg enn dieseldrivne farty.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Verftet sitt bygg nummer 48 blei sjøsett den 12. august og får namnet KV Barentshav når den kjem i Kystvakta si teneste. Dette er det første av totalt tre planlagde farty i klassa, og vil få base på Sortland og patruljere dei nordlege områda. Planen er at fartyet skal vere i operativ drift rundt årsskiftet. Dei neste to fartya, KV Bergen og KV Sortland, har leveringstid høvesvis rundt april og august 2009. Førstnemnde farty vil tilhøyre KV Sør og ha base i Bergen, og KV Sortland vil tilhøyre KV Nord på Sortland.
Miljøvennleg
Kystvakta leiger dei nye fartya frå Remøy Management AS for ei periode på 15 år. Skipa har spesielt god slepe- og oljevernskapasitet, med ei slepekraft på 110 tonn og ei oljeoppsamling på over 1000 tonn. Skipa vil vere 93,2 meter lange og 16,6 meter breie og vil oppnå ei fart på over 20 knop.
Barentshavklassa vil vere meir miljøvennleg enn ordinære skip ved å bruke LNG i staden for diesel som drivstoff. LNG står for ”liquified natural gas” og er flytande metangass. Ved å benytte seg av LNG minkar CO2-utsleppa med rundt 24 prosent, samstundes som NOx-utsleppa går ned med cirka 90 prosent. Svovel- og partikkelutslepp blir nær.

Kilde:Forsvarsnett.no