Ny styreleder i NCE Maritime CleanTech
Bjørn Sundland erstattar Ingve Sørfonn som styreleiar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Sundland er COO i Gasnor og har lang erfaring innanfor havrelatert industri. Han har også vore styremedlem i NCE Maritime CleanTech dei siste to åra.
- Eg er svært glad for at Sundland har takka ja til å bli ny styreleiar. Han har solid industrierfaring, eit brennande engasjement for klimaet og han kjenner utfordringane og moglegheitene i havnæringane godt. Denne kunnskapen vil komme godt med i den vidare utviklinga av klyngesamarbeidet, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland til Maritimt Forum Haugalandet og Sunnhordland.
- For Noreg er målretta forsking og innovasjon innan teknologi som reduserer utslepp frå havnæringane avgjerande, både for klimaet og for konkurransekrafta til industrien. Eg ser fram til å bidra i dette arbeidet som styreleiar for eit av landets fremste innovasjonsmiljø innan grøn teknologi, seier Sundland.
Sundland overtar vervet frå Ingve Sørfonn, som har vore styreleiar i klynga sidan skipinga i 2011.
NCE Maritime CleanTech sitt styre har følgande samansetting frå 22. mars:
- Bjørn Sundland, Gasnor (styreleiar)
- Liv Reidun Grimstvedt, Høgskolen på Veslandet (nestleiar)
- Hans Petter Nesse, Wärtsilä (styremedlem)
- Erik Hjortland, Odfjell (styremedlem)
- Vermund Hjelland, Eisdesvik (styremeldem)
- Kristin Flornes, NORCE (styremedlem)
- Tor Inge Dale, Solstad Offshore (styremedlem)
- Terje Johansen, Kværner (styremedlem)
- Ada Jakobsen, NorthSea Container Line (sturemedlem)
- Helge Gjøsæter, Leirvik (styremelem)
- Pål Tveitevåg, BKK (varamedlem)
- Asbjørn Tverdal, Haugaland Kraft (varamedlem)