– Båten vert truleg den største snurparen i Norge med hensyn på lastekapasitet for båtar med lengde inntil 15 meter. Foto: Barents.

Ny fiskebåt for Barents

Barents Solutions AS har signert kontrakt med Frøybas AS i Kalvåg for bygging av ein kombinert snurper/snurrevadbåt med lengde på 15 meter. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Båten vert truleg den største snurparen i Norge med hensyn på lastekapasitet for båtar med lengde inntil 15 meter. Der er 3 isolerte lasterom og moderne innredning med høg standard. Thrustarar, hydraulikksystem, RSW-system, asdic, vacuumsystem og anna essensielt utstyr for å drive effektivt fiskeri har svært høg spesifikasjon. Redar har lang erfaring med drift av denne båttypa og har valgt kvalitetsutstyr heile vegen.

God interesse

Mange har allerede vist interessa for båttypa. Det vert spanande å sjå om det vil kome mange fleire henvendelsar no når vi offentleggjer kontrakta, seier  Harald Bigset, dagleg leiar i selskapet.

Bygging i utlandet

Fakta om Barents Solutions AS

Barents Solutions AS vart etablert i 2012. Selskapet har kontor i Ulsteinvik.

Selskapets hovedformål er å bygge båter med lengde frå 8 til 24 meter i stål og aluminium. Primærmarkedet som det vert arbeidd ovenfor er oppdrett og fiskeri.

– For dette prosjektet vil iallefall delar av båten verte bygd i utlandet. Vi hadde eit ynskje om å byggje den på Fiskå der vi bygde forrige båten, men av ymse grunnar så gikk det ikkje slik. Det er synd, vi sender omlag 20 årsverk ut av landet berre for dette eine prosjektet, seier Bigset.

Mykje norsk innhald

– Det er eit stort innhald av norsk utstyr på båten. Når det er mogleg så vel vi utstyr og tjenester frå lokale verksemder, avsluttar Bigset.