Ny ferje nær doblar kapasiteten på Smøla

Fjord1 døyper i dag MF Edøyfjord, som blir sett inn i rute på Smøla i sambandet Edøya-Sandvika ein av de næraste dagane. Dåpen skjer ved Edøy kai, med Helen Skogan som gudmor.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ferja, som er levert av Fiskerstrand BLRT AS, er bygd for å gå i fartsområde C (opne havstrekk inntil 5 nm) - og vil ha plass til 50 personbilar per avgang.
Forutan kapasitetsauken, kan smølværingar også glede seg over ein flott salong over bildekket, og generelt mindre støy under overfarten.
Betre løysing for dei reisande
Administrerande direktør i Fjord1 MRF Anker Grøvdal påpeikar at den nye ferja vil gi ein ny kvardag for brukarane av sambandet.
- Dette er ein gledesdag for trafikantane. Med denne ferja i operasjon har vi plass til 50 bilar for kvar avgang, mot 30 bilar som er dagens løysing. Ferja er bygd for å gå utaskjers og vi er trygge på at den vil ha god regularitet i sambandet.
Om MF Edøyfjord
Den nye ferja er designa av Multi Maritime AS i Førde og har ei total lengde på 66,4 m, ei største bredde på 13,6 m og ein kapasitet på 50 personbilar eller 4 vogntog i kombinasjon med personbilar. Ferja har plass til 146 passasjerar inkl. mannskap. Ferja er bygd iht. Det Norske Veritas klasse med ein bruttotonnasje på 1634 tonn. Vidare er skipet utrusta med to Caterpillar motorar som driv kvar sin Schottel azimuth thruster. Dette vil gje ein servicefart på 11-12 knop.

Bilder fra dåpen vil bli lagt ut på våre nettsider.