Illustrasjon: Energiogklima.no/Norsk Klimastiftelse

Meining: Næringa har løysingane

Sogn og Fjordane skal lyse ut nye anbod for drift av hurtigbåtane frå mai 2022. Næringslivet har løysingane. No går toget, og administrasjon og politikarar må fatte dei rette avgjerdene, skriv Trond Strømgren i Ocean Hyway Cluster.  

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Leiande norsk næringsliv

Det maritime næringslivet i Noreg er leiande. Det finst mange andre døme på norske bedrifter som utviklar og leverer nye, trygge innovative produkt og løysingar. Trøndelag fylkeskommune har nyleg gjennomført ein teknologiutviklingskontrakt for nullutslepp hurtigbåtar. For to år sia bestilte fylkeskommunen «utvikling av en teknologi som ikke eksisterer og som industrien ikke vet om de får til å levere». Bestillinga var vellykka. Tysdag 3. september presenterte fem konsortium nye fartøyløysingar, alle med drift på batteri eller hydrogen. 

Kjent teknologi

Batteriløysingar til drift av ferjer er no hyllevare. Ferja «Ampere» blei sett i drift i 2015 som verdas første batteridrivne større bilferje. Om få år vil ca. 80 norske ferjesamband gå med energiforsyning frå batteri. Batteri er tunge og ikkje eigna for hurtigbåtar på lengre strekningar. Hydrogen er det mest hensiktsmessige alternativet på lange og energikrevjande ruter. 

Rundt om i verda er det nærare 400 hydrogenfyllestasjonar, dei fleste i USA, Europa og Japan. Kring 200 hydrogenbussar og 10 000 hydrogenbilar frå fleire produsentar er i dagleg drift. I april i år signerte Hyundai avtale om å levere 1600 hydrogendrivne lastebilar til Coop i Sveits. I USA har eigar av Budweiser-konsernet inngått opsjonsavtale på levering av opptil 800 Nicola One hydrogentrucks. 

Trond Strømgren i Ocean Hyway Cluster meiner næringa har løysinga på nullutslepp hurtigbåtar

Maritime løysingar

I Europa og USA er fleire hydrogenfartøy under konstruksjon, blant anna ferjer og passasjerbåtar. Den eine passasjerbåten blir ferdigstilt hausten 2019 og fire andre fartøy i 2021. I Noreg skal Norled byggje to hydrogenferjer, begge med driftstart i 2021. Norske maritime aktørar gjer seg no klare til ei rask utvikling for bygging og drift av passasjerfartøy på hydrogen. Det er venta at utviklinga vil gå like hurtig som elektrifisering av ferjeflåten. 

Det er førebels høgt kostnadsnivå på batteri- og hydrogenteknologi. Hydrogen som drivstoff er dyrare enn diesel slik avgiftsnivået er no. Med aukande volum er det venta kraftig prisfall på teknologi, jf. prisutvikling for solcellepanel. 

Hydrogen blir til vanleg lagra som gass i trykktankar eller nedkjølt i flytande form. Trykksett hydrogen er enklaste og billigaste løysing og kan produserast i små anlegg rundt om der det er tilgjenge til elektrisk energi. Produksjon av flytande hydrogen er meir kapitalkrevjande, krev ein stor marknad samt etablering av ei omfattande logistikkjede.  

Næringsutvikling og sterk kompetanse

Realisering av nullutslepps hurtigbåtruter i nye Vestland fylke er naudsynt for å følgje opp nasjonale vedtak om utsleppskutt i transportsektoren. Ruter på hydrogen vil bidra til å gi norsk maritimt næringsliv ein leiande internasjonal posisjon. Vekstpotensialet er stort og vil gi auka verdiskaping og mange arbeidsplassar. Dersom vi venter med å innføre hydrogenbaserte ruter vil andre nasjonar ta den leiande posisjonen. 

Ocean Hyway Cluster (OHC) er den norske industriklynga for maritim bruk av hydrogen. OHC har inngåande fagkunnskap om bruk av hydrogen i maritim sektor og har tilgang til eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk. 

Trond Strømgren
Senior Advisor Renewable Energy and Hydrogen Value Chain
Head R&D 
Ocean Hyway Cluster