MS «Farland». Foto: Ulstein Group

Norside kjøper plattformforsyningsskipet «Farland»

Reiarlaget Norside overtek Blue Ship Invest sitt plattformforsyningsfartøy «Farland» og skal byggje det om til walk-to-work-fartøy for havvindindustrien.

Publisert Sist oppdatert

- Skipet har i dag innreiing for 22 personar, og vil etter ombygginga ha innreiing for 60 personar. Det skal installerast ein ny innreiingsmodul, ei batteripakke og dessutan gangveg og kraner, fortel CEO Hans Martin Gravdal i Norside.

Skipet er eit design frå Ulstein av typen PX121, eit svært fleksibelt design som kombinerer eit transitteffektivt skrog med stort dekksareal. Det gir lavare drivstofforbruk og dermed reduserte skadelege utslepp, samtidig som operasjonsevna er høg.

- Det er gledeleg å sjå at eit PX121-design vert ombygd til bruk i den veksande havvindindustrien, noko som gir skipet eit nytt liv inn mot fornybar-marknaden, seier konsernsjef i Ulstein, Cathrine Kristiseter Marti.

OSM Offshore Bergen/Vestland Offshore skal drifte skipet, som skal operere under det nye namnet «Norside Cetus». Skipet vart opphavleg bygd ved Ulstein Verft og levert under namnet «Blue King» i 2016.