Går alt som Viking Cruises ønskjer, vil dei i framtida kunne lansera eit fullskala cruiseskip driven av flytande hydrogen. Det opplyste Serge Fossati, som er prosjektleiar i reiarlaget, under Sjøsikkerhetskonferansen i Haugesund. Skipet skal vera om lag 230 meter langt, ta over 900 passasjerar og eit mannskap på 500.

- Dette er ein verdsnyheit. Veldig spennande. Får dei dette til, kan ein få utvikla eit distribusjonsnettverk som gjer at også andre kan nytta hydrogen som drivstoff. Det kan bidra til ein utsleppsfri skipsfart i framtida, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Viking Cruises, som dei siste åra har registrert fleire nye cruiseskip inn i Norsk Internasjonalt Skipsregister, ser for seg å bygga eit skip etter tilsvarande design som deira havgåande cruiseskip, som til dømes Viking Sun. Reiarlaget er tydelege på at dei ønskjer at også hydrogenskipet skal inn i NIS om det blir realisert, og er allereie i dialog med Sjøfartsdirektoratet.

- I Viking har vi alltid vore opptekne av å sjå framover og å ligga i forkant miljømessig. Som nordmann og med norske skip ønskjer vi å leda vegen til nullutsleppsskip gjennom brenselscelleteknologi. Vegen dit er framleis lang men her ønskjer vi i Viking å ligga i forkant, seier styreleiar i Viking Cruises, Torstein Hagen.

Like god sikkerhet som konvensjonelt drivstoff

Flytande hydrogen som drivstoff har ikkje blitt nytta i skip så langt. Dei tekniske utfordringane består mellom anna i å halda drivstoffet på minus 253 grader for at det ikkje skal fordampa. Ei brenselcelle vil konvertera hydrogenet saman med vanleg luft til elektrisitet for framdrift og elektrisk strøm om bord. Hydrogen er og ein særs eksplosiv gass, og vern mot gasslekkasjer er ein viktig del av tryggleikskrava til drivstoffet.

- Skipet skal ha norsk flagg, og det betyr at me må gå gode for at tryggleiken er like god som på konvensjonelle skip. Dei utfordringane trur me det skal vera muleg å løysa. Det er nok ein lang veg igjen før alt det tekniske er på plass, men dette er eit veldig konkret prosjekt som har prioritet hos Viking Cruises, seier Akselsen.

Per i dag blir det ikkje produsert flytande hydrogen i stor skala i Europa, men Fossati opplyste at Viking Cruises er i dialog med Statoil for å få til ei løysing basert på eit norsk raffineri. Det kom også fram at reiarlaget i så stor grad som muleg ønskjer å nytta norske leverandørar i prosjektet. Fleire tenderskip som skal frakta drivstoffet til cruiseskipet er også ein del av prosjektet.