Olympic Zeus

Navarsete døyper miljøskipet Olympic Zeus

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete skal vere gudmor for ankerhandterings- og konstruksjonsskipet Olympic Zeus ved skipsdåp i Ålesund 21. mars.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det er ei stor ære for meg å få lov til å vere gudmor for dette skipet som representerer verdsleiande maritim teknologi. Det er nettopp nybygg av denne typen som gjer oss nordmenn stolte, og minnar oss om at Noreg framleis er ei stormakt på havet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Dåpen finn stad på Skansekaia nordside i Ålesund klokka 13:00, og frå klokka 15.00 - 17:00 vert skipet ope for publikum.