327 Siem Pearl på prøvetur

Namnesermoni for Siem Pearl

Fredag 28. august 2009 var det ein vellykka namneseremoni pa? kaia ved Kleven Verft AS i Ulsteinvik. Kleven Verft AS sitt Bnr 327, Siem Pearl, var hovudattraksjonen denne dagen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Siem Pearl er den første av i alt 10 skip av typen VS 491 CD som Kleven Maritime skal levere til Siem Offshore og Singa Star dei neste 2 åra. Utrustinga av skipa er fordelt på Kleven Maritime sine produksjonsstadar i Ulsteinvik, i Gursken og i Førde. Neste skip ut i denne serien er Bnr 329, Siem Emerald, som etter planen skal leverast frå Kleven Verft AS i slutten av november i år.
Gudmor på Siem Pearl var Heather Cassie frå selskapet Subsea 7. Det nydøypte skipet skal etter planen gjere dei siste uttestingane denne veka og overleverast til reiar mot slutten av veka.
Under dåpsseremonien kom både styreleiar og hovudaksjonær i Siem Offshore Kristian Siem og Kleven Maritime sin konsernsjef Ståle Rasmussen med stor takk til dei tilsette ved Kleven Verft AS. Dei tilsette fekk ros både for innsats og for det flotte sluttresultatet som kunne visast fram til innbodne gjestar denne dagen.
Rasmussen nytta også høvet til å rose dei tilsette for pågangsmot i det som for skipsindustrien og for Kleven Maritime har vore tøffe tider. Svært høg aktivitet og uventa utfordringar overfor sentrale leverandørar av utstyr og skrog i tillegg til uroa i finansverda har sett oss på prøve, seier Rasmussen. Han kom også med den gode meldinga at det no går betre og at konsernet Kleven Maritime hadde eit godt resultat for første halvår 2009. Rasmussen opplyste at resultat før skatt og avskrivingar (EBITDA) var på 42 mill for første halvår og at prognosane for neste halvår også ser lovande ut.
Kleven Maritime har etter levering av Siem Pearl 12 skip i ordre. 9 stk. VS 491 CD (7 til Siem Offshore og 2 til Singa Star), 1 stk. VS 495 DEM til Troms Offshore og 2 stk. kystvaktfarty til Remøy Management. Samla ordrereserve er på omlag 6 mrd. NOK.