«Island Diligence» har sikra seg arbeid til utpå hausten 2020 Foto: Gunder Tande Sandersen

Meir arbeid til «Island Diligence»

«Island Diligence» har sikra seg to walk-to-work kontrakter siste månaden, noko som vil gi båten arbeid til utpå hausten 2020

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

«Island Diligence» er alt komen i arbeid for Trianel i Tyskebukta, der ho utfører gangvegsoperasjonar på ein vindpark kalla Trianel Windpark Borkum II, heiter det i ein pressemelding frå Island Offshore.

Båten har kapasitet til å huse 100 personar, og mannskapet på 23 kan forvente nesten full båt under oppdraget for Trianel der teknikarar frå klienten bur om bord. Lengda på kontrakta er dryge 4 månader, pluss opsjonar, og båten vil ha base i Eemshaven, Nederland.

Vidare er kontrakt signert med Global Marine Group for arbeid på Kriegers Flak, ein vindpark utanfor Baltikum, på dansk sektor. Utbyggar er Vattenfall, og vindparken vert Danmarks største når den står ferdig i slutten av 2021. Island Diligence skal bistå som hotellskip, samt med gangvegsoperasjonar i samband med kabellegging på vindparken. Også her er det venta full båt, med oppstart på seinsommaren. Varigheita på kontrakta er tre månadar, pluss opsjon på ein månad til, og båten vil mobilisere i Grimsby, UK.

- Det er svært gledeleg å ha sikra langvarig arbeid til «Island Diligence». Det har vore ein lang vinter for mannskapet då båten har ligge i varmt opplag i påvente av kontrakt, og eg vil berømme dei for særs rask og effektiv mobilisering til denne første kontrakta. Kunden har også hatt helse-, miljø-, sikkerheit- og kvalitetsrevisjon av båten, og dei kunne ikkje sette fingeren på noko som helst. Det tyder på ein særs velhalden båt, med eit mannskap med fokus på dei rette tinga, seier Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.

«Island Diligence» er av typen UT 717 CDX, og vart levert til Island Offshore i 2018.