Fjordprins

Må forlenge Fjordprins med fem meter

Brødrene Aa og Fjord 1 Fylkesbaatane er blitt samde om å forlenge nye Fjordprins med fem meter, alt før båten er sett i fart og før Fjord 1 Fylkesbaatane formelt har overteke nybygget.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Forlenginga vil gje plass til hundre passasjerar til, og kapasiteten vert utvida frå 200 til 300 passasjerar. Det opplyser administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fylkesbaatane Fjord 1 til Firdaposten.

Døypt i januar

Nye Fjordprins vart døypt i Florø ved utgangen av januar. Men båten har hatt store problem med å svare til spesifiserte utsleppskrav.

– Vi syns ikkje at båten er optimal i høve til dei krava vi har stilt. Mellom anna har båten hatt større utslepp til luft enn det vi har kravd.

Vi er samde med båtbyggjaren om at ei forlenging av katamaranen kan løyse problema. Dette blir gjort med å kutte båten midt på, og sette inn ein ny seksjon midt i båten. I tillegg til 100 fleire passasjersete vil dette også gje meir plass til bagasje. Men maskina vil dei ikkje trenge å flytte. Det einaste anna som blir litt komplisert, blir alle kablar som må skrøytast. I staden for at Fjordprins går inn i rute i sommar, vil leveringa då bli utsett til hausten, fortel Kristoffersen. Ein annan fordel kan og vere at 300 passasjerar blir rekna som meir ideell for drifta.

Utviklingsprosjekt

I utgangspunktet har reiarlaget og båtbyggjarane i Hyen satsa mykje på fellesprosjektet med å utvikle ein katamaran av slik storleik. Dette er den første med vassjet, med så stor fart Det er ikkje aldri tidlegare bygt slike båtar av så store dimensjonar. Prosjektet går inn i eit spesielt innovasjonprogram og delfinansiert av INU midlar. Fjord 1 satsar sterkt på betre miljøstandard. Co2 utsleppet skulle ned med 40 prosent og NOx utsleppa med 50 prosent på dei nye båtane.

Kor mykje ombygginga og utsetjinga vil koste vil ikkje Kristoffersen inn på, heller ikkje den totale summen til prosjektet. Han presiserer at Fjord 1 og Brødrene Aa er samde om korleis dette skal delast dei imellom. Vi har utfordra Brødrene Aa til å sluttføre arbeidet. Det er likevel ikkje snakk om kontraktbrist, der er vi ikkje presiserer Fjord 1 Fylkesbåtane direktøren.

Les hele artikkelen på www.firdaposten.no