Tersan får som venta oppdraget med å bygge dei to kystruteskipa som egentlig skulle byggast i Spania. Illustrasjon: Havila Kystruten

Havila Kystruten bestiller to skip fra Tersan

Havila Kystruten har inngått kontrakt med det tyrkiske verftet Tersan om bygging av dei to siste kystruteskipa. Byggestart er i løpet av få veker.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Havila Kystruten skal frå 2021 segle den klassiske sjøreisa mellom Bergen og Kirkenes med fire skip. På grunn av økonomiske problem ved det spanske verftet Barreras stoppa bygginga av dei to skipa der opp. Dei to andre skipa er under bygging ved Tersan i Tyrkia, og det er også det verftet som no får kontrakt på å bygge skip tre og fire, heiter det i ein pressemelding torsdag.

Byggestart er i løpet av få veker og planlagt levering er i slutten av 2021.

God kvalitet

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, fortel at Tersan har kapasitet til å starte raskt i tillegg til at dei har alt av underlagsmateriell og erfaring med dei to første skipa.

- Og det vi ser på Tersan når det gjeld bygging av dei to første skipa ser veldig bra ut. Dei held framdriftsplanen og kvaliteten på arbeidet er godt.

Myrvoll peiker også på at Havila Kystruten og Tersan no går opp løypa og gjer alle avklaringar i samband med dei to første skipa. 

- Det har fleire fordelar og gir oss sikkerheit for at skip tre og fire blir minst like bra som dei to første.

- Vi får ferdige to nye skip som skal gå frå januar 2021, seier administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll. Foto: Havila

Finansiering på plass

Havila Kystruten har trass i den uavklarte situasjonen med det spanske verftet Barreras kapital og lånetilsagn som gjer at alle dei fire skipa på Tersan er fullfinansierte.

Myrvoll seier dei økonomiske problema til Barreras og byggestansen ved det spanske verftet har påført Havila Kystruten fleire utfordringar som vil påvirke drifta i første fase.

- Vi får ferdige to nye skip som skal gå frå januar 2021 og som vil gi passasjerane våre den mest miljøvenlege seglasen langs norskekysten. I påvente av dei to neste skipa vil vi måtte bruke erstatningsfartøy, men uansett skip skal vi gi god og trygg transport og innfri det som er forventa av oss.

Dei beste løysingane

Havila Kystruten har fleire konkrete kandidatar til erstatningsfartøy som dei har inspisert, og rederiet er i pågåande kommersielle samtalar med aktørar. 

- Vi ventar at ei avklaring kjem om ikkje så lenge, men vi vil bruke den tid som er nødvendig, for å sikre at vi kan levere dei beste løysingane til både dei reisande og mannskapet. Det er viktig og noko vi legg vekt på sjølv om erstatningsfartøya skal brukast berre for ein avgrensa periode.

Havila Kystruten bygger organisasjonen både på sjø og land, for å drive fire skip frå starten av 2021, og fleire nye stillingar er no utlyste.