Kleven Maritime har skrive byggekontrakt med Olympic Shipping

Olympic Shipping AS kontraherar 1 + 1 fleirbruks plattformservicefarty ved Kleven Maritime. Levering vert i januar og juni 2012.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kleven Maritime har inngått kontrakt med Olympic Shipping AS om levering av eit + eit (opsjon) avansert fleirbruks plattformservicefarty, design MT 6015, eit heilt nytt design frå Marin Teknikk AS. Fartya skal byggast ved Kleven Verft i Ulsteinvik, leveringsdato er sett til 14. januar 2012 og 20. juni 2012.
Kleven Maritime har levert nybygg til Olympic-reiarlaget tidligare, men då fiskefarty frå Myklebust Verft, i tillegg til fleire store og små ombyggingar på flåten. Men dette er første kontrakt om nybygg av
offshore-farty.
”Dette er svært velkomne kontraktar for Kleven Verft og Kleven Maritime. Kontrakten vil vere med å fylle opp kapasiteten dei neste to åra, som gjer at ein får eit godt gjennomføringsløp ved verftet”
kommenterer konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime.
For reiarlaget er dette også ei gledeleg hending: ”Vi ser fram til samarbeidet med Kleven Verft og Kleven Maritime, og meiner vi har valt eit framtidsretta design og eit verftskonsern med ein effektiv byggemetode” seier reiar Stig Remøy i Olympic Shipping. Fartya representerer ein ny generasjon miljøvenlege og driftssikre plattformservicefarty, der det er lagt stor vekt på miljø, drivstofføkonomi og lastekapasitet både under og over dekk. Med lett isklasse (ICE C) vil fartyet vere eigna for nordområda, og avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC - NOFO) vil auke attraktiviteten i marknaden.

Dødvekta er på om lag 4 800 tonn, lengda 93,8 meter, breidda 20 meter og dekksarealet er på 1 060 m2. Fartyet har stor innreiing med plass til 60 personar. MT 6015 blir bygd etter den nye SPS koden og inneheld innretningar som gjer fartyet svært eigna for ROV- og konstruksjonsoppdrag.

Kontraktane vil medføre store leveransar frå mange lokale leverandørar, mellom anna Hareid Elektriske Teknikk og Rolls-Royce Marine. Kontraktsverdien er på NOK 385 mill pr skip. Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 10 skip til ein samla verdi på 4,5 mrd.