Gå til innhold
Annonse

Island Offshore og TechnipFMC samarbeider om brønnintervensjon

"Island Frontier" i operasjon på Åsgard-feltet. Foto: Stig Silden
Annonse

Island Offshore og TechnipFMC har signert ei strategisk samarbeidsavtale for leveransar av lett brønnintervensjonstenester (LWI) verda over. Det skriv Island Offshore i ei pressemelding. 

TechnipFMC kjøper samstundes majoriteten av aksjane  i Island Offshore Subsea AS (IOSS), eit heilleigd dotterselskap av Island Offshore Management AS. IOSS held til i Stavanger, og leverer LWI prosjektledelse og operasjon, engineeringstenester for plugging av brønnar, kveilerørsteknologi og brønnkompletteringsoperasjonar. Omlag 80 personar har sitt daglege virke i denne organisasjonen.

Les også: Bli med om bord i brønnintervensjonsskipet "Island Frontier"

Plugge-patent

IOSS har utvikla patentbeskytta design relatert til plugging av subseabrønnar (P&A) og kveilerørsteknologi. Gjennom det strategiske samarbeidet og kjøpet av aksjemajoriteten, vil Island Offshore Subsea AS utvide tenestespekteret til også å inkludere TechnipFMC sine tenester innan lett brønnintervensjon verda over. Selskapet vil i tillegg tilby prosjektering og engineeringstenester, samt vere ansvarleg for forretningsutvikling og teknisk sal av LWI-tenester.

- Vi har hatt eit fruktbart samarbeid med TechnipFMC over fleire år, og vi ser no at ei enda tettare integrering av selskapa og tenestene våre er rett for å kunne utvikle og styrkje posisjonen vår innan lett brønnintervensjon, både i Noreg og internasjonalt, seier Morten Ulstein, styreformann i Island Offshore-gruppa.

- Vi er no i stand til å levere komplette brønnintervensjonstenester til alle marknader globalt. Så langt har samarbeidet med Island Offshore ført til vesentleg betring i produksjonen for meir enn 300 subseabrønnar, og vi er no klare til å ta dette eit steg vidare, seier Hallvard Hasselknippe, President, Subsea Projects hjå TechnipFMC.

Odd Strømsnes, Vice President of Offshore Integrated Services hjå TechnipFMC, vil bli den nye administrerande direktøren i Island Offshore Subsea AS.

Styreformann i Island Offshore-gruppa Morten Ulstein (t.v) saman med Odd Strømsnes, Vice President of Offshore Integrated Services hjå TechnipFMC etter signering av avtalen. Foto: Island Offshore
Styreformann i Island Offshore-gruppa Morten Ulstein (t.v) saman med Odd Strømsnes, Vice President of Offshore Integrated Services hjå TechnipFMC etter signering av avtalen. Foto: Island Offshore