Etter 22 år som konsernsjef i Ulstein går Gunvor Ulstein av. Foto: Sigbjørn Larsen

Gunvor Ulstein går av som konsernsjef

Etter nesten 22 år i stillinga går Gunvor Ulstein av som konsernsjef i Ulstein Group. Gunvor har gjennom denne perioden leia konsernet gjennom mange opp- og nedturar.  

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- At eg går av som konsernsjef, betyr ikkje at eg vil ha mindre engasjement for Ulstein. Som styreleiar i Ulsmo (Ulstein Group sin majoritetseigar) og styremedlem i fleire Ulstein-selskap, vil eg framleis jobbe hardt for at konsernet skal  utvikle seg og ha ei levedyktig framtid, seier Gunvor Ulstein i ei pressemelding tirsdag.  

- Ulstein er eit familieeigd selskap. Når eg no har valt å gå ut av den operative rolla, vil eg i kraft av styreleiarrolla i Ulsmo, og saman med styreleiar i Ulstein Group, Tore Ulstein, konsentrere meg om dei meir langsiktige og strategiske moglegheitene for konsernet og næringa. For at verksemda skal fortsette å  vere ein attraktiv arbeidsstad er det viktig å sleppe til nye krefter, sjølv om det medfører endring i eiga rolle. Eg vil sjølvsagt vere tilgjengeleg for den nye konsernsjefen. Ut over dette har eg ikkje lagt nokon planar. 

- Vi har alltid tilpassa konsernet etter marknaden, og det skal vi gjennom kontinuerleg omstilling og utvikling fortsette å gjere. Etter at vi tok oss gjennom omstillinga frå olje og gass og over i nye segment, sette COVID-19 oss på ny prøve. Dette gjeld alle verksemder uansett næring. Vi har tilpassa oss ein ny kvardag og stadig endra regelverk, og det må vi rekne med å  fortsette med inntil ei vaksine er på plass, seier ho.  

Cathrine Marti er tilsett som ny konsernsjef i Ulstein. Ho tiltrer 2. november 2020. Foto: Ulstein Group

- Gunvor er kjend som ein kunnskapsrik og handlekraftig konsernsjef, og som styreleiar vil eg takke Gunvor for hennar store engasjement og årelange innsats både i Ulstein og utanfor. Eg ser fram til vårt vidare samarbeid om utvikling av Ulstein, kommenterer Tore Ulstein. 

Tore Ulstein gjekk ut av sine operasjonelle roller i Ulstein den 1. september 2020, for å konsentrere seg om dei langsiktige strategiske moglegheitene for konsernet saman med Gunvor Ulstein. 

Ny konsernsjef i Ulstein Group  

Cathrine Kristiseter Marti er tilsett som ny konsernsjef i Ulstein Group. Både avtroppande konsernsjef Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein er svært glade for at ho har tatt på seg jobben. Ho kjem frå stillinga som CFO/finansdirektør i konsernet, ei rolle ho har hatt dei siste seks åra. Marti har ei mastergrad i  økonomi frå Université Toulouse 1 Capitole/McGill University. Ho har i heile sitt yrkesliv jobba innanfor den maritime næringa, og blant anna vore tilsett i Höegh Autoliners og i DnB Shipping & Offshore før ho kom til Ulstein. 

- Saman med ein svært god og kompetent administrasjon, har ho både kunnskapen og eigenskapane som skal til for å lykkast med å ta Ulstein vidare, seier Tore Ulstein.  

Cathrine Marti tiltrer 2. november 2020.