Gode tal for Ulstein

Ulstein Group gjorde det godt i 2012 med ei omsetning på 2,27 milliardar kroner og eit driftsresultat på 228 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi leverer eit godt resultat i ein krevjande marknad takka vere dyktige og innsatsvillige medarbeidarar og ein organisasjon med god gjennomføringsevne og leveringspresisjon. Det gode samarbeidet vi har med kundar og leverandørar skaper gode og framtidsretta løysingar. Resultatet gjer oss i stand til å halde fram med å utvikle konkurransedyktige og innovative produkt og tenester til den maritime marknaden, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

Godt designresultat

Marknaden for design- og utstyrspakkar var god i 2012 og ULSTEIN inngjekk kontraktar på bygging av designa sine ved fleire verft rundt om i verda, og ved eige verft i Noreg. Ved utgangen av året hadde Ulstein Design & Solutions ei ordrebok på leveransar til 31 skip, der 7 av dei vert bygde ved Ulstein Verft.

Avanserte byggeprosjekt

ULSTEIN leverte fire avanserte offshore-fartøy frå eige verft i 2012; to seismikkskip og to plattformforsyningsskip. I tillegg var IMR-fartøyet Seven Viking, levert i januar 2013, eitt av dei store byggeprosjekta ved Ulstein Verft i fjor.

- Høg kompetanse, solid erfaring og fokus på prosjektstyring gjer det mogleg å levere skip på tid til avtalt kvalitet og pris, seier Ulstein.

Innovasjon

ULSTEIN satsar langsiktig på innovasjon, og i 2012 vart det investert 135 millionar kroner i forsking og utvikling. Gunvor Ulstein understrekar at selskapet skal halde fram med å vere ein pådrivar for nyskaping:

- Innovasjon er viktig for å vidareutvikle produkt og tenester og for å skape nye. Gjennom godt samarbeid internt og med andre maritime aktørar, skal vi halde fram med å skape nye og forbetra løysingar som gir meirverdi for kundane våre, seier Ulstein.

Framtidsbrua

Eit av dei store innovasjonsprosjekta i 2012 var ULSTEIN BRIDGE VISION™. Prosjektet har utvikla ei skipsbru for framtida med fokus på betre, tryggare og enklare løysingar. ULSTEIN BRIDGE VISION består av mange innovasjonar utvikla med brukaren i fokus, og omfattar mellom anna: Kontakt- og rørslestyrt infografikk på eller ved bruvindua; eit system som automatisk tilpassar seg til den enkelte brukar sitt føretrekte oppsett; og nyutvikla ergonomiske arbeidsstasjonar.

- Vi skal halde fram med å levere kvalitet og kome med konkurransedyktige og berekraftige løysingar, avsluttar konsernsjefen.

Ved utgangen av 2012 var ordreboka på 2,9 milliardar kroner i Ulstein Group.

Ulstein Group sine hovudtal for 2012:

Driftsinntekter: 2,27 milliardar kroner (2011: 2,06 mrd. kr)

Driftsresultat: 228,0 millionar kroner (2011: 253,7 mill. kr)

Ordinært resultat før skatt: 211,4 millionar kroner (2011: 270,3 mill. kr)