Framtidas navigasjonsmerke

Fredag 14. mars vart det som sannsynlegvis blir dei framtidige navigasjonsmerka langs kysten vår presentert på Høgskolen i Ålesund. Med fagleg og finansiell støtte frå Kystverket har Frode Kalleland i produktutviklingsfirmaet Inventas Ålesund AS designa eit sett merker som kan vere ein realitet i løpet av få år.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Med stikkorda design og estetikk, fleksibilitet, teknologi, drift og vedlikehald, miljø, potensiale og risiko har Frode Kalleland, på oppdrag frå Avdeling for farled, fyr og merker ved Kystverket Midt-Norge, arbeidd med utviklinga av dei nye navigasjonsmerka – først som studentoppgåve ved Høgskolen i Ålesund og seinare som produktutviklar ved Inventas Ålesund AS. Prosjektet har fått namnet Aristotelis. Utviklinga har heile vegen foregått i samarbeid med Kystverket Midt-Norge, og sist veke blei forprosjektet presentert og overlevert kystdirektør Kirsti Slotsvik og regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket Midt-Norge.

Moderne design
Dei nye merka er bygd opp av modular som lett kan skiftast ut, og har fått eit moderne designuttrykk som allereie har blitt lagt merke til, også internasjonalt.
Merka er delt i fire delar. Nederst er ein sokkel som kjem i ulike lengder. Opp på den set ein instrumentdelen, med eller utan nummer, som inneheld elektronikk og batteripakke. Vidare oppover set ein ei mast med innebygd radarrefleks og med solcellepanel utanpå. Den kjem også i ulike lengder. Og på toppen plasserar ein lykta. I tillegg har ein eit skjørt, eller varde, som kan plasserast rundt sokkelen for at den skal bli meir synleg.

– I materialvalet har vi vektlagt at dei skal være vedlikehaldsvenlege. Vi nyttar derfor kompositt som kan gjennomfargast, plast som kan gjennomfargast, aluminium og syrefast stål. Som lyskjelde nyttar vi LED-lys med ei levetid opp i mot 100 000 timar. Dei gjev eit lite lyspunkt, som igjen gjev skarpe sektorinndelingar, forklarar Kalleland.

Vidare er dei nye merka laga slik at dei blir vatra og stilt rett inn nord-sør ved førstegongsmonteringa. Montering og henting kan skje med kran eller helikopter. Om eit merke må på service er det dermed fort gjort å sette opp eit erstatningsmerke.

Innsparingspotensiale
I følgje Kalleland vil det koste totalt 1,1 milliard kroner å skifte ut 1900 fyrlykter og 600 HIB-ar. Men investeringa vil løne seg i form av reduserte kostnader til vedlikehald.

– I dag har Kystverket årlige vedlikehaldsutgifter på 150 millionar kroner. Med desse nye merka vil desse kostnadane bli redusert til 44 millionar, altså ei innsparing på 106 millionar i året. I tillegg vil desse merka ha ei levetid på 60 år, mot 50 i dag, fortel Kalleland.

Sikker drift og reduserte vedlikehaldsutgifter er noko som tiltalar kystdirektør Kirsti Slotsvik.

– Ingenting er så farleg som sløkte navigasjonslys. Vi har fokus på å ha eit samanhengande nett av lys langs kysten. Vi ser eit aukande behov for å oppretthalde og forbetre sjøsikkerheita. Reduserte vedlikehaldsutgifter vil frigjere pengar til enda meir sjøsikkerheit, seier ho.

Merka følgjer det internasjonale regelverket for sjømerker, og kystdirektøren meiner det er naturleg for Norge å vere eit føregangsland i utviklinga av nye sjømerker.

Test-draum
Neste steg i prosessen er å utvikle prototypar som kan testast ut. Regiondirektør Harald Tronstad har allereie den ultimate testplassen klar.

– Eg har ein draum! Vi får stadig henvendelsar frå leverandørar med produkt dei meiner er dei mest solide som fins, men enno har ikkje nokon klart å levere merker som held stand meir enn eitt år på det vêrharde skjeret Bjugna på Hustadvika. Draumen er at prototypen av desse merka blir plassert og testa ut der, og klarer det ingen andre har klart. Då har vi eit produkt som vekkjer internasjonal merksemd, fastslår han.

Om alt går etter planen kan dei første merka bli å sjå langs kysten allereie i 2010/2011.