Her vert verdas første cruisefarty med X-bow døypt. Foto Ulstein Verft

Første cruiseskip med X-Bow levert

“Greg Mortimer” vart døypt i ein kombinert dåps- og overleveringsseremoni 6. september på verftet China Merchants Heavy Industry (CMHI). 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ulstein site team foran nybygget "Greg Mortimer". Foto: Ulstein Verft

Dette er det første ekspedisjonscruiseskipet i SunStone sin INFINITY-serie. Skipa er designa av Ulstein Design & Solutions i samarbeid med reiarlaget og deira kunde, Aurora Expeditions. Fartøyet er no klar for første tur til Antarktis, heiter det i ei pressemelding frå Ulstein Verft.

Skipet har fått namnet sitt etter Greg Mortimer, som er grunnleggaren av Aurora Expeditions, det australske selskapet som har chartra skipet.

- Skipsdesignkontraktane for SunStone Ships var eit gjennombrot for Ulstein i marknaden for ekspedisjonscruise, seier Tore Ulstein.

- Skipsdesignkontraktane for SunStone Ships var eit gjennombrot for Ulstein i ekspedisjonscruisemarknaden, og vi er glade for at partnaren vår, CMHI-verftet, har levert det første kinesiskbygde ekspedisjonscruiseskipet. Frå Ulstein si side er det lagt ned ein stor innsats for å ivareta behova for passasjerar og mannskap. Ulstein har fokusert på å utvikle eit fartøy som skal vere ein best mogleg plattform for uforgløymelege reiser for passasjerane, seier Tore Ulstein, COO Ulstein Design & Solutions og viseadministrerande direktør i Ulstein Group.

“Greg Mortimer” er det første av potensielt ti polare ekspedisjonscruiseskip for det amerikanske reiarlaget SunStone Ships. Alle skal byggast ved CMHI-verftet i Kina. Fartøyet er det aller første ekspedisjonscruiseskipet der Ulstein si patenterte X-BOW®-løysing er ein del av designet. X-BOW® gir ei mjukare og meir komfortabel reiseoppleving i mote sjø. Mindre motstand i bølgene reduserer drivstoffbehovet, med det resultatet at miljøavtrykket vert lågare.

Alle skipa i INFINITY-klassen vil bli tilpassa kvar enkelt operatør, slik det også er tilfelle med ‘Greg Mortimer’. Aurora sine teamekspertar har vore tett involverte i skipsprosjektet for å sikre eit best mogleg ekspedisjonsskip for deira formål og reiseruter.

80 passasjerlugarar

Det 104 meter lange skipet er bygd i samsvar med Polar Class 6-standardar for ekspedisjonar i kalde farvatn. Der er 80 passasjerlugarar med private bad og balkongar. Andre fasilitetar inkluderer ein restaurant og bar, eit forelesingsrom, ein salong, eit 180-graders innandørs observasjonsdekk og utvendige utsiktsområde. Etter ein lang dags utflukt på isen kan passasjerane velje å trekke seg tilbake til skipet sitt treningsrom, sauna og spa eller eitt av dei to boblebada.

Verdt å nemne er også ein spesialdesigna plattform for kajakkpadlarar og dykkarar, ein dedikert lasteplattform for gummibåtar på havnivå, og eit omkledingsrom/garderobe for utflukter. Sideportar mogleggjer lasting og lossing av fire gummibåtar på same tid.