MF Eid. Foto: Fjord1

Førebels funn etter hending med MF Eid

Førebels funn frå Sjøfartsdirektoratet viser at det var maskinhavari og ikkje brann som var årsaka til røykutviklinga om bord i bilferja MF Eid fredag 17.august i Lysefjorden. Funna er gjort etter rutinemessig synfaring og førebels etterforsking av hendinga, skriv Fjord 1 i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset seier han er glad for at evakuering av passasjerar og mannskap gjekk fint og at vi i dag kan konstatere at skadeomfanget er avgrensa.
-Førebels funn viser at skadeomfanget er avgrensa, og det er positivt. I samarbeid med våre leverandørar kjem Fjord1 til å bruke tida framover til å konkludere rundt årsak og samanheng til hendinga. Det blir også iverksett gransking, så det går litt tid før endeleg årsak er klar, seier Høyset.
Bilferja MF Eid er utlegd frå Fjord1 ASA til The Fjords DA for operasjon i Lysefjorden. The Fjords DA har inntil vidare sett inn ein passasjerbåt i sambandet.