Fiskerstrand byggjer gassferje

Fiskerstrand i Sula har fått den første norske skipsbyggingskontrakten som er offentleggjort sidan november i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dette er truleg også den første større skipsbyggingskontrakten i Europa i 2009, seier Fiskerstrand BLRT i ei pressemelding.

Gassferja skal byggjast for Fosen Namsos Sjø AS, og skal inn i ruta Hallhjem - Våge i Hordaland i januar 2011. Ferja har plass til 120 personbilar og 250 passasjerar.

Med den nye kontrakten har Fiskerstrand BLRT AS 8 ferjer i ordreboka si til ein samla sum av 1,4 milliardar kroner. Desse ferjene skal leverast fram til våren 2011.

Skroget og ein del av utrustingsarbeidet til den nye ferja skal gjerast på Western Shipyard i Klaipeda i Litauen. Fiskerstrand Verft og Western Shipyard har hatt eit nært samarbeid i ti år, og eig sidan 2007 kvar sin halvdel av Fiskerstrand BLRT.

Dette selskapet har som mål å hevde seg i den europeiske skipsbyggingsmarknaden og bli leiande i Europa i utvikling og bygging av små og mellomstore bil- og passasjerfarty.

Kilde.NRK.no