Lars Arnesen, Morten Leine og Arild Martin Jensholm framfor Sanco Sea. Også flåten dei står på er faktisk bygd på Voldnes. Foto: Myklebust Verft AS.

Fekk sjå båten etter 20 år

Tre røynde skipsbyggarar møtte igjen det Voldnes-bygde fartøyet Sanco Sea på Myklebust Verft.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Chaser-båten blei levert til Sanco Shipping i Gjerdsvika i november 1999 kan dei tre karane fortelje. Alle tre var med som Voldnes-tilsette då fartøyet blei bygt for 20 år sidan. I nokre veker har fartøyet vore innom Myklebust Verft for klassings- og vedlikehaldsarbeid.

Morten var den første av dei tre som blei tilsett på Voldnes Skipsverft i Fosnavåg. Året var 1978 og han rakk akkurat å få gullklokka hos sin gamle arbeidsgjevar. Arild starta si skipsbyggjar-karriere i 1978 på Smedvik og frå 1982 jobba også han på Voldnes. Same året kom Lars. Han hadde då bak seg nokre år som arbeidar på eit fryseri.

Huska dåpsfesten

Alle tre syntes det var stas å sjå igjen båten. Ingen av dei har sett den sidan den blei levert frå verftet for 20 år sidan før den altså no dukka opp på Myklebust.

- Vi var ikkje så mange tilsette så alle var med på dåpsfesten på Ulstein Hotel, kan dei tre fortelje. Det var ei flott markering.

Skroget meiner dei blei bygt i Romania og det kom til verftet i mai/juni 1999.

- Vi pendla eit par veker til Vegsund der vi sette inn ror og propell. Han Arild hadde sertifikat på buss og stod for køyringa fram og tilbake, minnast dei.

På prøveturen blei dei råka av lynnedslag og måtte skifte både antenner og ein del kabel. Under opphaldet på Myklebust har Lars vore ein tur om bord og gjort litt stålarbeid.

120-års erfaring

Etter at Voldnes gjekk konkurs i 2005 starta dei å jobbe for Ivar Leine i Leine Industrier AS. Det blei mykje arbeid for Ulstein Verft etter kvart.

- Vi skulle leigast ut til dei eit par veker men blei verande der i ti år, fortel Lars.

Dei tre har jobba på dei fleste verfta i regionen og retar opp både Hjørungavåg, Ulstein, Kleven, Smedvik, Voldnes og Myklebust. I sum står dei tre karane for solide 120-års skipsbyggarerfaring. Lars har vore stålmann, medan dei to andre har jobba side om side som rørleggarar sidan starten på Voldnes.