Mindre vekt på prosedyrar og sjekklister og meir fokus på godt sjømannskap kan gjera skipsfarten sikrare, seier Geir Fuglerud og Helle Oltedal. (Foto: Thomas Førde/Aftenbladet)

Eksplosjon i skipsulukker

Dei siste fem-seks åra har talet på navigasjonsulukker i internasjonal skipsfart auka med 200 prosent.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dette går fram av internasjonal statistikk, basert på data frå Lloyds Fairplay.
Det norske Veritas har bearbeida statistikken, som inneheld alle alvorlege navigasjonsulukker med skade eller behov for assistanse. Etter 30 år med jamn tilbakegang i talet på ulukker snudde trenden oppover i 2002.
Dei siste åra har samtidig veksten i internasjonal skipsfart vore større enn på svært mange år. Medan veksten i fleire år var fire prosent årleg med 180 nye skip som blir tatt i bruk kvart år, har veksten dei siste åra vore på åtte prosent. Det tyder at 580 nye skip kjem inn i verdsflåten kvart år.
Alle vil ha sjøfolk
– Dette skapar naturlegvis ein boom i etterspurnaden etter sjøfolk, seier Geir Fuglerud i Det norske Veritas til Aftenbladet.
Han legg til at dei siste åra har det vore stor mangel på erfarne og kvalifiserte sjøfolk.
– Dessutan ønskjer jo skipsreiarane i gode tider å tena mest mogeleg med pengar. Arbeidspresset om bord aukar, samtidig som turnover mellom sjøfolka er stor.
Dette fører til ei utvatning av sikkerheitskulturen. Kapteinane om bord føler det vanskeleg å ta avgjerder til beste for tryggleiken, fordi det kan få økonomiske følgjer for reiarlaget og for deira eiga stilling, seier Geir Fuglerud.
Meir papirarbeid
Han peikar vidare på at det er gjort mykje i skipsfarten dei siste åra med betre skip og betre teknisk utstyr. - Mange nye reglar, sjekklister og prosedyrar er dertil innført i arbeidet om bord, seier Fuglerud.
Han peikar på at reiarlaget sin organisasjon på land har stadig gitt fleire oppgåver til sine folk om bord.
– Papirarbeidet om bord tar stadig meir tid. Det gjer også opplæringa av nye urutinerte folk. Samtidig er det totale talet på tilsette om bord kutta ned.
Sjømannskap
Tida til å sikra trygg seilas minkar. Etter alvorlege ulukker blir granskinga konsentrert om reglar prosedyrar er følgde. Men kvifor sviktar mennesket i høve til alle reglar og prosedyrar? Kvifor sovnar folk på vakt?
–- Kanskje må prosedyrane forenklast og gamaldags godt sjømannskap oppvurderast, seier Geir Fuglerud i Det norske Veritas.
Men han legg til at ingen organisasjon eksisterer berre for å vera sikker. - Økonomisk vinning er hovudmålet. Tryggleik gir ikkje rikdom, men manglande tryggleik kan føra til reduserte inntekter og i verste fall at reiarlaga mister kundegrunnlaget, seier Fuglerud.


Turnus
– Dei tilsette i reiarlaget på land burde hatt turnusteneste til sjøs for å få betre føling med praksis om bord, seier Helle Oltedal, som er forskingsstipendiat, ved Høgskulen Stord Haugesund. Ho har gjennom sitt forskingsarbeid hatt opphald om bord i fleire skip veker i strekk..
Oltedal peikar på at altfor mykje tid om bord går med til utfylling av sjekklister og følging av prosedyrar.
– Ved eit høve var dei vakthavande på brua så opptekne med å fylla ut sjekklister at dei ikkje såg at ein kollisjon med eit mindre fartøy kom farleg nær, seier Oltedal.
Ho legg til at kanskje bør sjekklister og prosedyrar tilpassast lokalt til mannskapet sin kompetanse og skipet sine særtrekk.
Redde
I Helle Oltedal si undersøking går det fram at sjøfolk er redde for å rapportera om skeive tilhøve om bord. - 40 prosent av deltakarane i undersøkinga gir sjeldan eller aldri rapport fordi dei er redde for reaksjonane. Dette har samanheng med at uønska hendingar ofte blir møtt med ei ny prosedyre, ei prosedyre som ofte er umulig å praktisera, seier Oltedal. Ho legg til at 35 prosent pyntar på rapportane for å skjula eigne feil. - Utanlandske sjøfolk, som går på kortsiktige kontraktar, fryktar for jobben sin, seier stipendiat Helle Oltedal.

Kilde:Aftenbladet.no