Island Constructor vart levert til avtalt tid 23. mai 2008.

- Eit godt og allsidig bidrag til flåten vår

- Vi set særs stor pris på å få skipet til avtalt tid, noko som ikkje er sjølvsagt i dag. Erfaringane både når det gjeld kvalitet og samarbeid med dei tilsette i Ulsteinkonsernet har vore veldig gode, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bygg nummer 279 frå Ulstein Verft vart overlevert til Island Offshore 23. mai, og laurdag 24. mai vart skipet døypt.
- Skipet vart kontrahert i ei tid der marknaden var svært oppheita. Difor er vi imponerte over at Ulstein igjen klarer å oppretthalde leveringstida. Vi har ansvar overfor våre kundar, og då er det kjekt å kunne stille skipet til disposisjon i samsvar med avtale, fortel Håvard Ulstein.
SKIL SEG UT
- Island Offshore skil seg ut ved å tilby skip som utfører andre typar arbeidsoppgåver enn det skipa til konkurrentane våre gjer. Island Constructor vert eit godt og allsidig bidrag i flåten vår. I tillegg er Island Constructor ein god representant for dei flotte skipa som har opphavet sitt frå klynga på Sunnmøre, seier han.
NYE LØYSINGAR
Ulsteinkonsernet har utarbeidd ein moderne innreiingsprofil med innovative løysingar i forhold til funksjon og estetikk.
- Mange har vist stor interesse for dette fartøyet, og vi trur at Island Constructor vert lagt merke til, både for dei avanserte tekniske løysingane og for det moderne uttrykket skipet har fått. Ulsteinkonsernet har ein kultur som legg til rette for innovasjonsarbeid. Vi har medarbeidarar som har vilje til å tenke nytt og saman med reiarlag som Island Offshore får vi også sette dei nye tankane ut i live, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulsteinkonsernet.
Island Offshore har også vore først ute med å installere den nye IP-baserte ULSTEIN COM®-systemet frå Ulstein Elektro. Løysinga inneheld nye funksjonar som TV-basert portal for ei rekke tenester som TV, radio, informasjon frå båt og kontor på land, tryggleiksinformasjon og bilete frå overvakingskamera. I tillegg er infrastrukturen heilt annleis enn på tidlegare ULSTEIN COM®-anlegg slik at det vert billegare og enklare å bygge ut systemet.

Hovudaktivitetane til Island Constructor vert brønnintervensjon med Sub-sea Lubricator System (LWI), Sub-sea konstruksjon og utstyrsinstallasjon (OCV) og inspeksjon, vedlikehald og reparasjon (IMR). I tillegg er skipet utstyrt med eit hivkompensert tårn for modulhandtering, og vil kunne utføre ROV-operasjonar.