Foto Fuglefjellet

Døyper hittil største fartøy i Stavanger

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I morgon laurdag 28. februar kl. 14.00 vert konstruksjonsskipet ”Viking Neptun” døypt ved Skansekaien i Stavanger.

Det 145 meter lange og 31 meter breie fartøy er det største i Eidesvik-flåten, og det største nybygget levert frå Kleven Verft nokon gong, og vil vise godt igjen i bybildet i Stavanger sentrum laurdag.

Skeiane Brass spelar opp og set den rette stemninga på kaia, før gudmor Patricia Pilenko utfører sjølve dåpsseremonien.

Etter dåpsseremonien er dei rundt 230 gjestane invitert til lunsj og omvising om bord. Dei vil få sjå eit fartøy som i tillegg til å ha det aller nyaste av avansert teknologi og utstyr, også er spesielt flott utsmykka. Det er kunstnaren Janne Robberstad frå Bømlo som har hatt ansvaret for den kunstneriske utsmykkinga om bord. I tillegg til hennar eigne kunstverk finn ein også kunst frå Brian Wallace og Jan Willy Folgerø-Holm, og frå mange barn og unge i Eidesvikklubben.

Alle som ønskjer det er velkomen til å møte opp på kaia for å oververe dåpsseremonien.

Skipet vert presentert i Skipsrevyen nr 2/2015