Fra venstre: Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo frå verftet, og teknisk sjef Joachim Ofstad Ness frå reiarlaget FosenNamsos Sjø.

Dobbelleveranse frå Myklebust

Myklebust Verft har no levert to nye plug-in hybridferjer til FosenNamsos Sjø. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kontrakten blei inngått i november 2016. Bygg 390 – «Lagatun» - blei overlevert torsdag 29. november og bygg 391 – «Munken» - i dag fredag 30. november. Begge ferjene skal settast inn i sambandet Flakk – Rørvik frå 01. januar 2019, heiter det i ein pressemelding.

- Med bygginga av desse fartøya har Myklebust sin stab og våre underleverandørar levert eit produkt som miljømessig har dei aller nyaste og beste løysingane, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft.

- Ferjene vil i stor grad få all straum frå kraftige landbaserte hurtigladestasjonar som vil levere 4,5 megawatt, seier Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo som har vore prosjektleiarar frå verftet. Det er Siemens si ny-utvikla batteriløysing som er valt både om bord i ferjene og til ladestasjonane på Flakk – Rørvik.

I tillegg har ferjene, som er designa av Multi Maritime i Førde, moderne lav-utslepp dieselaggregat om bord. Kapasiteten er 130 personbilar og 399 passasjerar som har tilgang til ein 360 graders panoramasalong under overfarten.

Bygg 390 - MF «Lagatun»

Mellom innovasjonane om bord er også navigasjonssystemet Autocrossing frå Rolls-Royce. Systemet bidreg til lavare energiforbruk gjennom å analysere ytre omgjevnader og sørge for best muleg energioptimal overfart.

Straks vêret tillet det vil ferjene sette kursen mot Trondheim.

- Vi gled oss til å ta imot passasjerane om bord i Lagatun og Munken som med sine hybridløysingar vil vere utgjer eit teknologisk vendepunkt innan norsk ferjedrift, seier Adm. Direktør Grete Fuglem i FosenNamsos Sjø.

Bygg 391 - MF «Munken»

FNS vann i si tid anbodskonkurransen som oppdragsgjevar ATB lyste ut for sambandet.