197 løft er gjort for å få dekksutstyret på land Foto: Ulstein Group

Dekksutstyret til «Nexans Aurora» lossa

I løpet av eit par hektiske dagar har heile 197 løft med dekksutstyr til kabelleggingsskipet «Nexans Aurora» vorte løfta på land ved Ulstein Verft. Det største enkeltløftet var ein kabel-capstan som åleine veg 176 tonn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kabelleggingsskipet «Nexans Aurora» er eit stort og kompakt skip. Med sine 149,9 meter i lengde og 31 meter i breidde har det ei dødvekt på heile 17 000 tonn. Det er dimensjonert for å kunne handtere store mengder undervasskablar, skriv Ulstein Verft i ein pressemelding.

15. juni kom skroget av «Nexans Aurora» fram til Ulstein Verft . Nokre dagar seinare kom eit lasteskip til verftet, denne gongen med mange hundre tonn dekksutstyr som etter kvart skal installerast om bord i kabelleggaren. Tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft har ei mobil kran som kan løfte heile 600 tonn, så det baud ikkje på store problem å få på land den 176 tonn tunge capstanen frå Maats Tech Ltd. Denne har som funksjon å halde strekket i kabelen når han vert lagt på havbotnen.

Det er enorme dimensjonar på løfta. Foto: Ulstein Group

Utrustinga har tatt til

Totalt skal tre båtlaster med toppsideutstyr lossast ved Ulstein Verft i samband med dette prosjektet, i tillegg kjem alt anna utstyr som vert frakta landevegen. I neste leveranse kjem sjølve kabelskiva. Denne har ein kapasitet på 10 000 tonn, og kan handtere to kablar på same tid. Vanleg diameter på kablane vil vere om lag 20 centimeter.

Inkludert i dei mange andre hiva som vart gjort, var dei to store leggehjula som skal monterast i hekken, og alle dei 264 rullane som kabelskiva skal snurre på. Skroget til «Nexans Aurora» har no kome på plass inne i dokkhallen til Ulstein Verft, og utrustinga av skipet har tatt til.

Tungløftsavdelinga er no på veg til neste oppdrag, denne gong på på Fosen Yard i Rissa i Trøndelag for å transportere ein 130-tonns maskinromsseksjon. Til dette oppdraget vert det brukt to stykk Goldhofer multiwheelerar, ein ‘lett’ jobb ut frå at desse har ein samla transportkapasitet på 640 tonn.