Foto: Brunvoll

Brunvoll sikrar nye kontrakter 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Brunvoll har sikra seg nye kontrakter på framdrifts- og manøvreringssystem til fiskefartøy og brønnbåt.

Selskapet skriv i ei pressemelding at dei har signert kontrakter på framdrift-, manøvrering- og kontrollsystem med MAN D&T SE, Tyskland og Karstensens Skibsværtf A/S, Danmark til pelagisk tråler for selskapet Charisma Fishing Co. Ltd, Shetland, og med Aas Mek. Verksted AS til ein brønnbåt for Sølvtrans AS. Leveransane frå Brunvoll finn stad i løpet 2018.

Leveransane frå Brunvoll er alle tilpassa det enkelte skipet sin aktuelle driftsprofil. Fellesnemnaren er optimaliserte og effektive system for sikkerheit, driftsøkonomi og miljøhensyn. Systemleveransen frå Brunvoll består av framdriftsanlegg med gir, propell, dyse, og komplett thrustersystem med elektriske drivemotorar og startarar.

Systemleveransen inkluderer også kontrollsystem for framdrift og manøvrering.

Framdriftssystemet til den nye pelagiske trålaren til Charisma Fishing er eit 2-speed gir og cp-propellanlegg med dyse drive av ein MAN-motor på 7200 kW. Kombinasjonen av å køyre 2 ulike propellturtall og flytande frekvens muliggjer drivstoffoptimalisering og svært god driftsøkonomi.

Thrusterpakken inkluderer ein tunnel thruster i akterskipet og ein kombinert retractable azimuth/tunnel thruster i forskipet. Thrusteren i forskipet fungerer som tunnel thruster i inntrekt posisjon, og som azimuth thruster i nedsenka posisjon. Azimuth thrusteren vert typisk brukt under fiskeleiting og som nøddrift eller effektiv manøvrering av skipet ved inntak av fangsten. Skipet er både designa av og skal byggast ved Karstensens