Boabarges 33 er verdas største delvis nedsenkbare lekter i sitt slag. Bildet er frå prøvedykk våren 2020, der den sette verdsrekord med heile 29,6 meter under sjøoverflata. Foto: Jostein Innerdal/Boa Barges AS

Boa Barges til Green Yard Kleven

Green Yard Kleven AS har inngått avtale med Boa Barges AS om oppgradering av Boabarges 33. Lekteren kom til Green Yard Kleven tysdag 13. oktober 2020. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Denne lekteren vart ombygd og oppgradert ved verftet tidlegare i år, og vi hadde eit veldig godt samarbeid den gangen. Vi er derfor svært glade for at Boa Barges kjem tilbake til oss, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven i ei pressemelding. 

Arbeidet med Boabarges 33 blir det fyrste ettemarknadsprosjektet etter at verftet vart kjøpt opp av Green Yard Group i juli i år. Oppdraget passar også godt inn i Green Yard Kleven sin strategi om å tilby eit breitt spekter av tenester innan ombygging, reparasjon, nybygg og resirkulering ved verftet i Ulsteinvik. 

- Når det gjeld nysatsinga vår på resirkulering, er arbeidet med å planlegge for resirkulering av gammal tonnasje ved verftet i full gang, og vi vil starte opp så snart godkjenning frå norske miljømyndigheiter er på plass, fortel Bollestad.