Gå til innhold

Artic Group utviklar nytt kombibåt konsept for havbruksnæringa

Artic Gorup satsar og utviklar nytt servicefartøy for havbruksnæringa. Foto: Multi Maritime.
Artic Gorup satsar og utviklar nytt servicefartøy for havbruksnæringa. Foto: Multi Maritime.

Eit nytt servicebåtkonsept for havbruksnæringa er under utvikling i Sunnfjord, der innovative krefter frå Førde, Florø, Atløy og Bygstad jobbar saman. 

Frå venstre Jan Arve Heggøy (Sjøglans), Bjørn Olav Espe (Multi Maritime), Maxim Grachev (Ocean Electronics), gründer Ove Vilnes (Artic Group), Odd Birkeland (Maritim Montering), Mikael Johansen og Gustav Johan Nydal (Multi Maritime). Foto: Artic Group.
Frå venstre Jan Arve Heggøy (Sjøglans), Bjørn Olav Espe (Multi Maritime), Maxim Grachev (Ocean Electronics), gründer Ove Vilnes (Artic Group), Odd Birkeland (Maritim Montering), Mikael Johansen og Gustav Johan Nydal (Multi Maritime). Foto: Artic Group.

Ove Vilnes i Artic Group står for idéane, og er den som er opptatt av å sjå moglegheitene innanfor ei næring som dei siste åra har slite med aukende kostnadsnivå.

- Multi Maritime fører teikningane i pennen. I prosessen har partane tenkt på korleis ein kan få til optimale miljø- og fiskehelseløysingar, med berekraft i fokus. Med dette konseptet løyser me fleire arbeidsoppgåver på ein gong, samtidig som me held kostnadane for næringa nede, seier Ove Vilnes i ei pressemelding fra Artic Group.

Kombinasjon- og konteinarprinsippet

Selskapet påpeikar at det viktigaste med denne båten er at den skal byggast som ein kombibåt, og utstyret blir påmontert i ettertid - alt etter eit konteinarprinsipp. Arbeidsplattforma kan derfor brukast til mange ulike kombinasjonar. Fleirbruksbåten kan for eksempel utstyrast med komplett avlusingsutstyr, lusefilter og A-ramme akter på dekket (300 t/t) - samtidig som den kan vere utrusta med nødbløgging framme på skipet. I underrommet blir det sett opp konteinarbaserte RSW-tankar med kjølesystem og vacumpumpe. Det er plug and play monteringssystem om bord og arbeidsdekket er på 590 m2 så det er også plass til eit kontainerbasert dødfiskanlegg med ensilasjetank.

Båten påpeiker Vilnes er sjølvsagt designa for å bruke minst mogleg energi, i tråd med aukande fokus på å redusere oppdrettsnæringa sitt karbonavtrykk.

Fleire viktige funksjonar som avlusing, nødbløgging, dødfiskhandtering og 4 kranar, alt permanent montert om bord på same båt.

Lokalt samarbeid med høg tillit

Multi Maritime har samarbeida med Ove Vilnes i 20 år. Forretningsutviklar hos Multi Maritime Gustav Johan Nydal legg vekt på at lokalt samarbeid gjer ting enklare og at ein har opparbeidd seg stor tillit gjennom alle desse åra.

- Tidlegare har me jobba med fiskefôrbåtar der innovasjonen var at ein gjekk frå palle til bulk. No blir nye idear og teknologi overført til teiknebordet, gjennom tett dialog og stor grad av integritet mellom partene i arbeidet. Også den lokale bedrifta Ocean Electronics har vore med tidleg i planleggingsprosessen, og den lokale tilknytinga har vore viktig i prosjekteringsfasen, seier han. 

Fiskebåtreiar Jan Arve Heggøy er invitert inn for å vere ein sparringpartnar i utviklinga av den nye servicebåten. Han er oppteken av at logistikken og funksjonaliteten må vere enkel og komprimert, og er imponert over kontainerløysingane på den planlagde servicebåten.

- Kvalitet betalar seg

- Kvalitet betalar seg på sikt, uttalar Odd Birkeland i Maritim Montering.

- Det er avgjerande at dei som jobbar på båtane er stolte av arbeidsplassen sin og dermed tek godt vare på båtane og utstyret. For Ocean Electronics er det viktig å bli med tidleg i prosessen, seier Maxim Grachev, slik at me sikrar gode løysingar saman.

- Alle har som mål at løysingane skal vere enkle og gje rasjonell drift. Den planlagde servicebåten skal vere både fleksibel og rasjonell i drift, samtidig som den skal ha ein klar grøn profil. Båten er delvis utstyrt for framtidig autonom drift og har full redundans for alle hovudfunksjonar om bord. Motorisering er dieselelektrisk med IMO Tier III rensing, og hybridløysing med stor batteripakke. Utsleppa skal vere så små som mogleg.

- Denne måten å bygge ein fleirbruksbåt på, vil vere eit pluss for både miljøet og lommeboka. Båten er teikna med ei lengde på 44,9 meter og breidde på 15 meter – men dette er skalerbart både opp og ned i båtlengde – og kan lett tilpassast kjøpar sine behov og ønskjer, seier han.