Foto: Ulstein

12 nye design frå Ulstein

Ulstein Design har fått kontrakt med Guangdong Machinery Imp. & Exp. Co., Ltd. (GMG) om levering av 12 designpakkar av typen ULSTEIN A801. Med dette har Ulstein Design selt til saman 60 design sidan 2000. Av dette er 25 design selde til Ulstein Verft og 35 til eksterne verft i Kina, Spania, Nederland, Brasil og Dubai.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det har vore interessant å utvikle ULSTEIN A801 i samarbeid med GMG og vi håpar dette kan vere starten på eit fruktbart samarbeid, fortel marknadssjef Ove Dimmen i Ulstein Design og held fram:
- ULSTEIN A801 er eit ankerhandterings-fartøy med både gode lastekapasitetar og eit relativt stort arbeidsdekk. Skroget er designa for å være energieffektivt og gi gode sjøeigenskapar.

ULSTEIN A801 får dieselelektrisk framdrift og forventa slepekraft i overkant av 75 tonn. Skipa skal ha DP-2 klasse og blir 76,7 meter langt, med 15 meter breidde Lastekapasiteten blir opp mot 3000 tonn.

Design dokumentasjonen frå Ulsteinkonsernet for dei 12 fartøya vil bli utført av selskap i konsernet, både på Sunnmøre, i Tyrkia og i China.
- GMG er glade for å kunne samarbeide med Ulstein på dette prosjektet og med Ulstein sin erfaring og kompetanse vil GMG få gode løysingar på våre skip, fortel dagleg leiar Mr. Xiong Hong i GMG:
- Sjølv om diesel-elektrisk framdrift ikkje er så vanleg å bruke i det Asiatiske marknaden, så forventar GMG at framtidige eigarar vil sjå fordelen av redusert drivstofforbruk og fleksibel teknologi, seier Mr. Hong.

Dei tolv fartøya skal byggjast ved GMG sitt nye verft i Guangzhou i Kina, og får truleg brennestart seinsommar/haust 2008 og ein forventar levering av første fartøyet mot slutten av 2009.