- Denne pakka skal bidra til at vi held oppe tempoet i det grøne skiftet, seier næringsminister Iselin Nybø (V) Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

100 millionar til grøn skipsfart

Regjeringa foreslår ei tiltakspakke for å få fart på den grøne omstillinga i skipsfarten. Tiltaka skal bidra til å kutte klimagassutslepp innanlands.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Denne pakka skal bidra til at vi held oppe tempoet i det grøne skiftet. Meir klimavennlege skip langs kysten er viktig for å redusere dei nasjonale utsleppa. I tillegg kan dette sikre og skape nye grøne arbeidsplassar og styrke næringa si konkurransekraft internasjonalt, seier næringsminister Iselin Nybø i ein pressemelding.

Regjeringa har ambisjonar om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. I revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa å omdisponere 100 millioner kroner til grøn flåtefonying. Pengane skal bidra til å kutte klimagassutslepp frå lasteskip i nærskipsfart.

– Satsinga på grøn skipsfart er eit tydeleg og godt grep i klimapolitikken. Vi skal syte for at alle typar skip tek i bruk løysingar for null- og lågutslepp. I dette arbeidet skal regjeringa vere ein pådrivar. No set vi av pengar til å få ned klimagassutsleppa frå lasteskip i nærskipsfart, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Todelt pakke

Nærskipsfarten går langsmed kysten vår og til og frå hamner i Europa. Mange av skipa er eldre og forureinande fartøy. I Handlingsplanen for grøn skipsfart (lenke) og Klimakur (lenke) blir nærskipsfarten løfta fram som eit område der det er mogleg å kutte utsleppa vesentleg.

I revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa ei tiltakspakke på 100 millionar kroner for å redusere klimagassutslepp i innanriks sjøfart.

  • 75 millionar skal gå til ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart. Ordninga vil bidra til å ta gamle og meir forureinande skip ut av marknaden. Det vil også bidra til å styrke eigenkapitalen for reiarlag som ønsker å bygge nye, grøne skip.
  • 25 millionar kroner skal gå til å styrke Grønt Skipsfartsprogram sitt arbeid for å fornye lasteskip. I dette arbeidet får reiarlag og vareeigarar tilbod om fagleg støtte tilnull- og lågutslippsprosjekt for lasteskip i nærskipsfart

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa i tillegg å auke rammetilskotet til fylkeskommunane med 150 millionar kronar for å støtte opp om innfasinga av lav- og nullutslippsferjer på fylkesveisambandene. Auka rammetilskot vil gi fylkeskommunane eit støre handlingsrom til å prioritere miljøvenlige løysingar utan at det slår ut i auka ferjetakstar. 

Vurderer nytt program

Stortinget har bedt regjeringa om å opprette eit finansieringsprogram for nærskipsfarten. Målet er å bidra til ein grøn og konkurransedyktig nærskipsflåte. Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet vil arbeide vidare med dette programmet.