Arbeidsleiar mekanisk/plast

Frist: snarast

Er du ein erfaren montør med mekanisk/plast-bakgrunn som ønskjer å ta det neste steget i karrieren?

Kontaktinfo

Martin Lio

Prosjektansvarleg plast

Telefon: 938 42 637

E-post

martin@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no

Søknadsfrist: snarast (søkjarar vert vurdert fortløpande)

Østerbø Maskin søker serviceinnstilt og ansvarleg arbeidsleiar mekanisk/plast som skal vere med på satsinga vår på PE-plastsveis. Du skal leie arbeid på anlegg med oppfølging av arbeid, personell, oppfølging sveisedokumentasjon, HMS og kvalitet. Ta del i plastsveising av rør og plater i ulike dimensjonar både lokalt i Østerbø-området og hos kunde.

I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti dei verkeleg unike og spesielle prosjekta. No satsar vi på tyngre PE-rørsystem som f.eks. inntaksrør til havbruk og landbasert oppdrett og ynskjer bygge eit endå sterkare fagmiljø rundt dette.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsleiar for monteringsjobbar på anlegg – hovudsakleg landbasert oppdrett
  • Koordinering av arbeidsteam og kvalitet på byggeplass
  • Plastsveis av PE-rør ekstruder, muffe og speil
  • Utføre mekanisk service og produktvedlikehald
  • Reise ut på monterings- og serviceoppdrag

Hos oss jobbar du både sjølvstendig og som del av eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektrikarar.

Vi jobbar kvar dag med å levere litande løysingar til kundane våre.

Ønska Kvalifikasjonar

Kjenner du deg att i noko av dette? Send oss ein søknad

  • Fagbrev innan industrirørleggarfaget eller plastmekanikarfaget, eventuelt mekanisk bakgrunn
  • Erfaring frå arbeid på landbasert anlegg, jobba med PE-røyr og PE sveising.
  • Montasjeerfaring av alt frå smått til stort utstyr (pumper, vekslarar, prosessutstyr osv.)
  • Rigg-erfaring
  • Fordel med erfaring frå koordinering av arbeidsteam og oppfølging av kvalitet og HMS ute på byggeplassar
  • Du er god til å delegere arbeid, løysningsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
  • Handterer hektiske periodar på ein god måte
  • Flytande norsk som arbeidsspråk, samt god i engelsk
  • Du er MOTIVERT for å levere litande løysingar!
  • Førarkort kl BE samt helst kl C med kransertifikat
  • Sertifikat for truck er ein fordel

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Konkurransedyktig løn
  • Sertifisering i bruk av utstyr
  • Oppmøteplass Østerbø, stor reiseverksemd må påreknast
  • Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
  • Tilpassa reise- og friordning
  • Gode karrieremulegheiter for den rette kandidaten
  • Velutstyrt verkstad og nytt administrasjonsbygg
  • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling

Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om jobben kontaktar du:

Martin Lio

Prosjektansvarleg plast

Kontakt meg om: Plast, rørsystem, oppdrett

938 42 637

martin@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no snarast (søkjarar vert vurdert forløpande)