Frå venstre: Trond Liavaag (adm.dir. Kleven Maritime Technology), Jan Tore Linstad (adm.dir. Kongsberg Maritime do Brasil), Stig Mandrup Larsen (adm.dir. Kleven ORN) og Cristiane de Lamare (finansdirektør Kongsberg Maritime do Brasil).

Kleven ORN inngår kontrakt med Kongsberg Maritime i Brasil

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kleven ORN har inngått ein langsiktig kontrakt med Kongsberg Maritime si verksemd i Brasil om produksjon og testing av utstyr. Utstyret skal inngå i Kongsberg Maritime sine systemleveransar til den brasilianske marknaden.

- For Kleven ORN er dette eit gjennombrot, seier Trond Liavaag, adm.dir. i Kleven Maritime Technology. Kleven ORN har sidan oppstarten i 2012 utført service på elektro- og elektronikkutstyr om bord i offshorefartøy som opererer utanfor Brasil. Avtalen med Kongsberg inneber at ein no utvidar aktiviteten frå rein service til å også omfatte produksjon. Dei første ordrane omfattar leveranse av utstyr til fleire boreskip og boreplattformer som er under bygging i Brasil.

- Kongsberg er ein svært interessant samarbeidspartnar med si verdsomfattande verksemd. Oppdraget vert ein viktig referanse for Kleven ORN, og er eit godt døme på at samarbeid og gode relasjonar i heimemarknaden gjev styrke også internasjonalt, seier Liavaag.

Kleven ORN har ca 20 tilsette, og held til i Niteroi utanfor Rio, Brasil. Selskapet er eit joint venture mellom Kleven Maritime Technology (eit samarbeid mellom Kleven og Hareid Group) og det brasilianske serviceselskapet Offshore Reparos Navais.