Ulstein Design & Solutions har designet de nye metanoldrevne fartøyene for Acta Marine. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

Ulstein designar metanoldrivne havvindfartøy for Acta Marine

Acta Marine har skrive kontrakt på to konstruksjonsstøttefartøy  (CSOV) for havvind med design frå Ulstein Design & Solutions, dei første fartøya med ULSTEIN TWIN X-STERN™. Designkontrakten inkluderer også opsjonar på ytterlegare to skip. Alle dei fire skipa er av SX216-designet frå Ulstein og vil bli leverte med kombinerte metanol-/dieselgeneratorar.

Publisert Sist oppdatert

- Vi ser fram til å bygge vidare på vårt eksisterande forhold til Ulstein Design & Solutions AS for dei framtidsretta CSOV-skipa våre, der vi kombinerer Acta Marine si operasjonelle erfaring og Ulstein sine innovative designevner, seier Rob Boer i Acta Marine i ei pressemelding.

ULSTEIN TWIN X-STERN™ kan forklarast som eit skip med to hekkar og fire hovudpropelleiningar: to i kvar ende. Med ein X-STERN®-hekk i kvar ende har skipet god operasjonsevne då ein av endane kan haldast mot vêret utan at hastigheita vert påverka.

TWIN-X-STERN-designa frå Ulstein deler dei følgjande eigenskapane: Dei er drivstoffeffektive, med forbetra yteevne på dynamisk posisjonering (DP) og manøvrering, har reduserte rørsler og gir mindre støy. Med TWIN X-STERN er fleksibiliteten større når det gjeld val av propelltype, skrogforma er symmetrisk og det krevst færre framdriftseiningar.

God kvile er ein føresetnad for ei trygg utføring av arbeidet. Skipa gir serviceteknikarane sikker tilgang til havvindinstallasjonane, og sikrar trygge operasjonar og komfortabel innkvartering for personellet om bord.

Hybrid kraftløysing med grøn metanol som hovudenergikjelde

Acta Marine sine CSOV-ar har ei hybrid kraftløysing, med grøn metanol tiltenkt som hovudenergikjelde. Dual-Fuel-motorane vert støtta av ein batteripakke, som er integrert i fartøya på ein slik måte at dei mest drivstoffeffektive driftsmodusane vert brukte, reduserer vedlikehaldskostnadene og gir lågare utslepp.

– Som ein leiande aktør innan fornybar energi er det viktig å vere førebudd for ei framtid der null- eller lavkarbondrivstoff er tilgjengeleg. Acta Marine har eit sterkt ønske om å tilby kundane sine størst mogleg reduksjon av utslepp frå skipa kjem i arbeid. Allereie frå designarbeidet tok til måtte ein difor finne fram til ei praktisk tilgjengeleg løysing som kan redusere karbonavtrykket frå start, seier Erwin Jager i Ulstein Design & Solutions AS.

- Karbonfotavtrykket til Marine Gas Oil (MGO) gjer at MGO ikkje er berekraftig som den einaste kraftkjelda i framtidas flåte. Det kan kjennest overveldande å bestemme kva for eit alternativt drivstoff ein bør fokusere på, sidan det vert påverka av mange faktorar. Gjennom ein evalueringsprosess utvikla av Ulstein, blir ei matrise over moglege alternative drivstoff evaluert mot eit sett kriterium som er unike for reiarlaget og konseptgrunnlaget. Gjennom denne prosessen var det metanol som fekk høgast score. Metanol er gunstig med tanke på energitettheit og lagring, det er ei tilgjengeleg energikjelde, og der er dual fuel-motorar på marknaden som kan handtere både metanol og diesel, fortel Jager.

Etter at metanol vart valt som den alternative energikjelda, starta Ulstein Design & Solutions med å tilpasse designet, implementere metanolbunkringa, tank- og systemoppsettet på eit konseptuelt nivå.

Ulstein sine design for havvindserviceskip

Havvindserviceskipsdesigna frå Ulstein har vorte utvikla for å effektivt støtte oppstart, drift og vedlikehald av vindparkar offshore.

SX216-fartøyet har ei lengde på 89,9 meter, ei breidde på 19,2 meter og har plass til 135 personar. Skipet har ein rørslekompensert gangveg (W2W) for ei trygg overføring av personell til turbinane, ei 3D-rørslekompensert kran for lastoverføring og har også plass til eit mindre fartøy som kan frakte personell mellom turbinane.

Ulstein har tidlegare utvikla og bygd to CSOV-ar for det nederlandske reiarlaget. Dei nye fartøya blir bygde ved Tersan Shipyard.