300 millionar kroner ny kapital i Klevenkonsernet

Kleven Verft i Ulsteinvik. Foto: Per Eide

– Det har vore viktig for oss å få inn nye investorar som tenkjer industrielt og langsiktig, og som vil vere med på å vidareutvikle Kleven til å bli verdas mest moderne verftsgruppe, bygd på teknologisatsinga i selskapet, seier styreleiar i Kleven, Kjersti Kleven i ei pressemelding.

Hurtigruten og selskapets eigarar, Petter A. Stordalen og britiske TDR, blir største aktør i Klevenkonserbet med ein andel på litt over 40 prosent. Av eksisterande eigarar skyt John Kleven AS og H-Invest AS inn ny kapital. I tillegg består investorfellesskapet av Åge Remøy og Magnus Roth gjennom InYard Invest, det familieeigde tyske selskapet Lürssen-Group og investoren Per Lillebø.

Kleven er i gang med bygginga av verdas mest miljøvennlege ekspedisjonsskip – hybriddrivne MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen for Hurtigruten.

– Kleven kom best ut då vi skulle bygge våre nye ekspedisjonsskip. Dette viser at konsernet er i verdsklasse. No styrkar vi Kleven, regionen og norsk verftsindustri for framtida og riggar for vidare vekst, seier konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam.

I tillegg til å gå inn på investorsida, har Lürssen-Group, eit av verdas leiande selskap for design og bygging av superyacht, tidlegare i år også inngått ein langsiktig samarbeidsavtale med Kleven.

– Vi er glade for interessa vi har opplevd for å investere i konsernet. Dette sikrar oss soliditet, og ikkje minst kraft til å gå laus på nye, framtidsretta prosjekt, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Som eit ledd i at Kleven no styrkar soliditeten, har partane også reforhandla låneavtalene med bankane.

– Det er semje mellom investorane om avtalen, men nokre formelle atterhald gjeld framleis. Mellom anna må selskapet sine bankar og GIEK godkjenne avtalen, men dei har vore tett involverte i arbeidet heile tida, så det er grunn til å tru at også den delen av prosessen kjem endeleg på plass, seier Rasmussen.

DEL