2007 eit krevjande år for Kleven Maritime

Viking Energy, bygg. no. 303 Kleven Verft AS
2007 var prega av høg aktivitet, fleire nye kontraktar og press på resultatmarginane. Det vart gjort avsetningar på fleire nybyggingsprosjekt slik at Kleven Maritime nå er rusta for positiv vekst dei komande åra.

Hovudtal
Aktivitetsnivået i Kleven Maritime har i 2007 vore rekordhøgt. Konsernet hadde i 2007 samla driftsinntekter på kr. 2,6 milliardar, ein auke på kr. 389 mill. frå året før. Det vart i 2007 ferdigstilt og levert i alt 7 farty, av desse 4 offshorefarty og 3 kjøleskip.

Eit resultat før skatt på – kr. 81,9 mill. og eit årsresultat på – kr. 57,0 mill. viser at 2007 har vore eit økonomisk krevjande år for verfta i Kleven Maritime. Eigenkapitalen pr. 31.12.07 utgjer kr. 145,8 mill.

8 nybyggingskontraktar for skip inngått i 2007
I 2007 vart det inngått 8 nybyggingskontraktar. Konsernet Kleven Maritime har pr. 31.12.07 i ordre 29 skip til ein samla kontraktsverdi på kr. 11,9 milliardar. Ordremassen gir verfta i Kleven Maritime sysselsetjing til utgangen av 2010 og selskapet er godt posisjonert for vekst deretter.

Auka verksemd i verfta – rekruttering prioritert satsing
Som eit resultat av auka ordreinngang, fleire skip under arbeid og vellukka rekruttering har talet på årsverk i konsernet auka med 21 i 2007. Pr. 31.12.07 var det tilsett 319 personar i konsernet. Den omfattande ordrereserven har gitt Kleven Maritime høve til å starte opp utrustningsaktivitet ved det leigde verftsanlegget i Førde som tidlegare har vore i Kleven Maritime sitt eige.

Utfordrande enkeltprosjekt – forseinkingar frå underleverandørar
”Ved begge verfta i Kleven Maritime har vi hatt større utfordringar enn forventa med gjennomføring av nokre av prosjekta, noko som har påført oss betydelege økonomiske tap”, seier adm. dir. Ståle Rasmussen. ”Mykje av årsakene ligg i store forseinkingar frå leverandørar av utstyr og produksjonsteikningar frå designselskapa. Skifte av skrogverft på nokre prosjekt har også hatt store konsekvensar for oss i form av forseinkingar. Verfta har opplevd forseinkingar av utstyr frå leverandørane på inntil 9 månader. Alt dette har skapt problem for flyten i produksjonsprosessane og har i tillegg påført verfta dagsbøter overfor kundane”, seier Ståle Rasmussen vidare.

Eit lyspunkt i 2007 har vore at fleire tunge tvistesaker er løyste i Kleven Maritime sin favør.

Ser betring framover
Sjølv om prosjekta som skal ferdigstillast i 2008, framleis vil lide under forseinkingar viser prognosane betydelege positive tal for åra framover. Av forbetringstiltak som er sett i gong kan mellom anna nemnast auka leverandøroppfølging, ny prosjektorganisering, personal- og leiarutvikling.

DEL