X-BOW i barnefilm

X-BOW i barnefilm

av -
- Dei tøffaste båtane i verda er x-bowen. Og på film er det skurken som er den tøffaste. Derfor teikna vi inn ein x-bow som skurk i den nyaste Eliasfilmen. Og derfor inviterte vi dykk til kino i kveld.

Det sa John M. Jacobsen, produsent for filmen ”Elias og jakten på havets gull”, då tilsette i Ulstein Group med born vart inviterte til førpremiere 9. desember. Animasjonane om redningsskøyta Elias er blant dei mest populære produksjonane for born i Noreg.

– Det er vanleg at dei som deltek i ein film vert inviterte til å sjå filmen før alle andre. Og de er med i filmen fordi den store skurken, ”Polardronninga” og medhjelparane hennar, alle er x-bow-båtar, forklarte Jacobsen framfor ein forventningsfull sal.

Vi traff søskenparet Melody (5) og Arthur (3) Pettersson-Kieffer akkurat då dei hadde fått sett filmen.
– Kan de fortelje kva som skjedde i filmen? – Dronninga ville ha skatten, men jenta tok berre ein peng, og heksa tok alle fiskebåtane, og så datt båten og vart øydelagd, og så datt alle pengane ut. Ho var slem, forklarar Melody kjapt, og legg til: – Pappa jobbar med sånn båt. Arthur fortel at han likte jenta i filmen best, ho var ein u-båt. Pappa Jimmy i Ulstein Design & Solution fortel at skatten i filmen ligg i Isfjorden, der familien budde fram til dei flytta i haust: – Ungane er no spesielt nyfikne på kvar i Isfjorden denne skatten ligg, seier han med eit smil.

LIGNENDE ARTIKLER

av -
Videoklipp fra byggingen og sjøsettingen. Har du problemer med å se videoen, kan du se den her på Youtube.

av -
Island Offshore took delivery of the M/V Island Crown from Vard Brevik on May 24th, 2013. The vessel is a purpose built Walk to Work...