Vestlandsrådet i møte med statsråd Trond Giske om verftskrisa

Nærings- og handelsminister Trond Giske
Dei fire fylkesordførarane på Vestlandet vil på vegne av Vestlandsrådet møte statsråd Trond Giske fredag 5 februar for å drøfte finanskrisa og konsekvensar for verftsindustrien.

På møte vil ein drøfte tiltak som er viktige for å dempe dei negative konsekvensane for verftsindustrien og presentere tiltak for omstilling. Saman med fylkesordførarane, som utgjer arbeidsutvalet i Vestlandsrådet, vil ein invitere med representantar frå næringslivet til møtet. Delegasjonen som skal møte statsråd Trond Giske vil bli leia av fylkesordførar Olav Bratland, som òg er leiar i Vestlandsrådet dette året.

DEL