Verdens største gassferje

Fjord1 og Fiskerstrand BLRT har inngått avtale om prosjektering og bygging av verdas største gassferje. Ferja vert levert 30. november 2011 og sett inn på Boknafjorden i sambandet Arsvågen – Mortavika i Rogaland – og skal i tillegg fungere som reservefartøy på Halhjem-Sandvikvåg sambandet i Hordaland.

Verdas største gassferje

Fjord1 og Fiskerstrand BLRT har inngått avtale om prosjektering og bygging av verdas største gassferje. Ferja vert levert 30. november 2011 og sett inn på Boknafjorden i sambandet Arsvågen – Mortavika i Rogaland – og skal i tillegg fungere som reservefartøy på Halhjem-Sandvikvåg sambandet i Hordaland. Trafikken i desse ferjesambanda har auka svært mykje sidan Fjord1 tok over driftsansvaret i januar 2007.

Den nye gassdrivne ferja er designa av Multi Maritime AS i Førde og får ein total lengde på 129,9m, ei største bredde på 19,2m og ein kapasitet på 242 personbilar og/eller 22 vogntog i kombinasjon med personbilar.

– Det er svært hyggeleg å vinne ein slik hard anbodskonkurranse og vite at vi er konkurransedyktige i høve andre europeiske verft, seier adm. dir. i Fiskerstrand BLRT, Rolf Fiskerstrand.

Det er plass til 600 passasjerar inkl. mannskap og fergen en skal byggast iht. Det Norske Veritas sin klasse +1A1, Car ferry A, gas fuelled, Clean, RPS, EO, R3 (NOR) med dødvekt på vel 1300 tonn og vel 7000 BT. Ferja vert utrusta med 4 azimuth thrustere som drivast av et gass-elektrisk anlegg beståande av 3 store LNG gass motorar og vekselstrømgeneratorar. Gassmotorane vil gje ein servicefart på ca. 20 knop.

Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland påpeikar at den nye ferja vil gi en ny kvardag for brukarane av sambandet. – Dette er ein gledens dag for trafikantane. Med denne tredje ferja i operasjon på Boknafjorden sikrar vi 20-minuttsavgangar – samanlikna med kvar halvtime som er dagens løysing.

Godt over to millionar privatbilar og godsbilar brukte sambanda i 2009, og utan den nye ferja ville køane blitt uhaldbare i tida framover. Sambanda Arsvågen-Mortavika og Halhjem-Sandvikvåg er to av dei tre mest trafikkerte strekningane i landet, med 3,9 millionar PBE i 2009. Ved planlagde verkstadopphald og driftsproblem elles skal ferja også vere reservefartøy for Bjørnefjorden. Sambanda vil då gå etter rutetabell som gjeld i dag.

Øverland viste til at dette er også er ein stor dag for miljøet, ettersom dei naturgassdrivne ferjene er svært miljøvenlege med redusert NOX utslepp på om lag 90%. – Det at styresmaktene har sterkt fokus på miljøvenlege former for energibruk i anbodssamanheng er svært gledeleg, seier Leif Øverland, konsernsjef i Fjord1.

Fjord1, som sette i drift verdas første gassferje Glutra i Møre og Romsdal i 2000, er framleis åleine i marknaden på drift av bilførande gassferjer. Ferjesambanda på Kyststamvegen i Rogaland og Hordaland har sidan 2007 blitt trafikkert av fem slike ferjer frå Fjord1. Denne tredje ferja på Arsvågen-Mortavika – som også skal avlaste Halhjem-Sandvikvåg – vert såleis den sjette gassferja i dette området. Fjord1 vil i løpet av 2011 ha 12 gassferjer i drift langs norskekysten – som gjer selskapet leiande i verda.

DEL