Ulstein bygger nederlandsk vindfartøy

Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions AS

Ulstein Verft AS har signert ein kontrakt på bygginga av eit DP2 konstruksjonsstøttefartøy (CSV) for det nederlandske selskapet Acta Marine B.V.

– Vi utvidar tenestene og flåten vår innan offshorevind og valte Ulstein som partnar for vårt nye konstruksjonsstøttefartøy , seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine i ei pressemelding.

CSV-fartøyet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt, og kan huse opp til 120 personar. Designet er av typen  SX195 frå Ulstein Design & Solutions AS, med både X-stern og X-bow. 

Kontraktssignering med representanter for Ulstein og Acta. Foto: Ulstein Verft
Kontraktssignering med representanter for Ulstein og Acta. Foto: Ulstein 

Skipet kan ta oppdrag innan kommisjonering og konstruksjon i installasjonsfasen av offshorevindfarmar, og innan vedlikehald på ferdigstilte vindfarmar.

Fartøyet vil bli utstyrt med eit dynamisk rørslekompensert gangvegsystem frå SMST, som er montert på eit integrert tårn med høgdejustering og ei personell-/lasteheis. I tillegg har skipet ei 3d-kran med seks tonns løftekapasitet.

Lastearealet er 500 kvadratmeter under tak, og 500 kvadratmeter utandørs. Skipet skal kunne syte for overføring av personell og last på ein trygg og effektiv måte i signifikant bølgjehøgd (Hs) opp til 3 meter.

Skipet er planlagt for levering i første del av 2018.